Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva Møre og Romsdal fylkeskommune får kompensert pr gratis ferjestrekning i statsbudsjett framlegget for 2026, synliggjort pr ferjesamband i dette fylket?
Begrunnelse
Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjettet lagt til grunn å fjerne gratisferjer til utvalgte øysamfunn.
Etter spetakkel med SP har regjeringa på nytt lagt dette inn igjen, der ordninga med gratis ferjer fortsatt skal gjelde ser det ut til.
I tidligare spørsmål til statsråden har underteikna stilt spørsmål om kva uttrekk av inntekter og kompensasjon for tapte billettinntekter som var lagt til grunn i statsbudsjetta som kompensasjon til fylkeskommunane sine ferjestrekninger som har blitt gratis.
Dette har statsråden ikkje klart og tydeleg klart å svare på, og når dette no vart som utgangspunkt frå regjeringa tatt ut som ordning, dvs gratisferjene vart kutta, må statsråden no kunne svare på kva fylkeskommunane faktisk får i kompensasjon for desse gratisferje strekningane i statsbudsjettet, sjølvsagt synliggjort pr ferjesamband.