Kjersti Toppe (Sp): På spørsmål i spørretimen 26. mars 2025 om sentralisering av namnsmannfunksjonen i Vest politidistrikt svara statsråden at ho ikkje var kjent med at dette ville føre til flytting av arbeidsplassar eller nedlegging av skrankepunkt for publikum. No kjem det fram at passkontoret på Voss vil kunne bli lagt ned på grunn av denne sentraliseringa av sivil rettspleie til Bergen.
Er dette Arbeiderpartiet sin politikk, eller vil statsråden hindre ei slik omlegging av namnsmannfunksjonen og nedlegging av passkontoret på Voss?
Begrunnelse
Paskontoret ved politistasjone på Voss har ikkje ledige timar fram til desember og det vil ikkje vere mogleg å tinga time etter 1.12 . Årsaka er ei varsla omorganisering av sivil resspleie i politidistriktet til Namsfogden i Bergen. Dette er ei sentralisering som ein starta arbeidet med i politidistriktet då Senterpartiet gik ut av regjering, og Arbeiderpartiregjeringa har ikkje stoppa dette, jf. svar på spørsmål i spørretimen 26. mars 2026. Sentraliseringa inneber at dei tilsette som i dag jobbar med slike oppgåver ved politistasjonen vil måtte arbeide i Bergen i staden for på Voss. Då vil det ikkje vere nok kapasitet igjen på Voss til å produsere pass. Dette vil sjølvsagt gå ut over publikum og er noko anna enn det justisministeren gav uttrykk overfor Stortinget i mars, der justisministeren meinte at dette ikkje ville innebere flytting av årsverk. Dette er sjølvsagt ei sentralisering, som kan stoppast ved politisk vilje. Spørsmålstillar viser også til at Arbeiderpartiet i statsbudsjettet har foreslått å legge ned nyoppretta passkontor, til dømes i Kvinnherad. Voss er ikkje eit slikt kontor, men risikere likevel å bli lagt ned på grunn av anna sentralisering i politiet som regjeringa lar skje. Dette fører til sterk sentralisering til Bergen.