Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:428 (2025-2026)
Innlevert: 11.11.2025
Sendt: 11.11.2025
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 18.11.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden gjere greie for korleis den vidare saksbehandlinga av Stad skipstunnelen vil bli i Stortinget, kva sakstype regjeringa legger opp til at dette prosjektet skal få i sin vidare behandling, og når det er forventa at denne saka kjem til behandling i Stortinget?
Stad skipstunnelen som prosjekt ville regjeringa skrote i sitt statsbudsjett, derimot har eit fleirtal i stortinget bedt regjeringa arbeide vidare med prosjektet og gå igjennom prosjektet med tanke på kostnadsreduserende tiltak og komme attende til stortinget med prosjektet.

Marianne Sivertsen Næss: I Prop. 1 S (2025-2026) er det vist til at Kystverket vurderer at kostnadsramma for Stad skipstunnel må oppjusterast til 9 430 mill. kroner dersom prosjektet skal vidareførast innanfor realistiske budsjettrammer. Regjeringa vurderer på denne bakgrunn at det ikkje lenger er realistisk å gjennomføre prosjektet innanfor den vedtatte kostnadsramma på 5 430 mill. kroner, og kan heller ikkje sjå at nytten av prosjektet kan forsvare dei høge kostnadane. I budsjettproposisjonen er det difor foreslått å avslutte arbeida med Stad skipstunnel.
Regjeringa er like fullt opptatt av at Vestlandet skal ha god transportinfrastruktur, og stans av Stad skipstunnel vil kunne gi økt handlingsrom til å igangsette andre prosjekt som i langt større grad vil bidra til tryggleik og framkome.
For å følgje opp vedtaket om Stad skipstunnel frå trontaledebatten har eg bedt Kystverket om å gjenoppta og ferdigstille forhandlingane med tilbydarane, samt arbeide vidare for å finne kostnadsreduserande tiltak.
Eg tar sikte på at resultata av forhandlingane og arbeidet med å finne ytterlegare kostnadsreduserande tiltak kan leggjast fram for Stortinget så snart som mogleg, men tidlegast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026.