Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for Regjeringas plan for å følgje opp Grimstadutvalets rapport om å opprette 440 nye studieplassar i medisin i Noreg innan 2027 for å auke "sjølvforsyninga" av legestudentarl frå omlag 50 prosent til 80 prosent, og at meir praksis skal skje i kommunehelsetenesta?
Begrunnelse
Grimstadutvalets rapport frå 2019 viste at Noreg i dag er avhengig av at ange ungdommar vel å ta medisinutdaninng i utlandet, for at vi skal ha nok legar til helsetenesta vår. Utvalet tilrådde å ha som mål at Noreg på kort sikt burde utdanne 80 prosent av dei legane vi treng sjølv. Det innebar ein auke på 440 studieplassar. Utvalet skisserte ein opptrappingsplan, som skulle vere fullført nnan hausten 2027.