Erling Sande (Sp): Korleis vil regjeringa vil følgje opp Innst. 55 S (2024-2025), der Stortinget peikar på at dei regionale vitensentera bør styrkjast for å gje fleire elevar og lærarar tilgang til framtidsretta læringstilbod i sine lokalmiljø?
Begrunnelse
Norge har store utfordringar når det gjeld å dekke framtidig kompetansebehov innan realfaga. Det er viktig å arbeide aktivt for å gje skulen verktøy som gjer at ein aukar interessa for realfaga, gjennom til dømes å gjere undervisninga meir praktisk og bruke eksterne samarbeidspartar for å skape arenaer som aukar nyskjerrighet og engasjement kring desse faga. Vitensentera er døme på ein slik samarbeidspart. Og Stortinget viser i Innst 55 (S) (2024-2025) til dette:
«Komiteen viser til at de regionale vitensentrene allerede i dag er et godt etablert, kostnadseffektivt og landsdekkende virkemiddel, som hittil har vært underutnyttet. Komiteen mener at de regionale vitensentrene bør styrkes for å gi flere elever og lærere tilgang til fremtidsrettede læringstilbud i sine lokalmiljøer.»