Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:652 (2025-2026)
Innlevert: 28.11.2025
Sendt: 01.12.2025
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva konkrete tiltak gjer regjeringa for at helsetenesta skal bli betre til å forebygge, oppdage og behandle fødselsdepresjon hos kvinner - utanom dei nye faglege retningslinjene for barselsomsorga som seier at helsepersonell bør stille kvinner spørsmål om dett e - og kvifor meiner regjeringa at heimebesøk av jordmor ikkje skal vere eit tilbod for alle når ein veit at fødselsdepresjon gjerne startar dei første vekene etter fødsel ?

Begrunnelse

Fødselsdepresjon rammar mellom 4000 og 8000 kvinner kvart år ( tall frå FHI). Helsedirektoratet har sendt ut forslag til faglege retningslinjer for barselsomsorg på høyring, der ein presiserer gjeldande retnilngslinjer om at helsepersonell bør spørre kvinner om dette. Men det er ikkje noko ny satsing frå regjeringa si side, og tiltaka er kritisert for å vere for svake sett opp mot det alvorlege tilstanden dette er og dei dramatiske konsekvensane fødselsdepresjon kan får. Helsetilsynet har i sin årsrapport for 2024 omtalt dette og kome med tilrådingar for ei styrking av feltet. Det er uvisst kva regjeringa faktisk har gjort eller vil gjere, for å styrke kompetanse, samarbeidet og oppfølginga for å hindre at alvorlege tilfeller av fødselsdepresjon utviklar seg utan av kvinna får nødvendig helsehjelp. Regjeringa har i statsbudsjett for 2026 varsla at dei ikkje ynskjer å følgje opp forslaget om å lovfeste tilbodet om heimebesøk av jordmor innan 5 dagar etter fødsel, fordi dei meiner at ein i staden bør prioritere ressursar til dei som treng slikt tilbod mest. Men då vil ein ikkje kunne oppdage til dømes utvikling av fødeslsdepresjon.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig