Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:683 (2025-2026)
Innlevert: 02.12.2025
Sendt: 02.12.2025
Besvart: 09.12.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren bekrefte at det ikkje er forbrukt pengar på Møreaksen i 2025, som er eit prosjekt som verken ligger i NTP eller i Statens vegvesen sitt planprogram, og skal dermed heller ikkje ha ei krone rettmessig til noko som helst, og er det likevel forbrukt midlar til dette, må statsråden forklare kvifor?
Møreaksen som prosjekt er teken heilt ut av NTP sin 12 års periode av regjeringa, og er såleis heldigvis på god veg langt ned i søppelkassa.
Prosjektet til 40-50 milliard kr, som sjølvsagt får samme prisveksten som alt anna innan bygg og anlegg her i landet, er sannsynligvis landets verste sløseriprosjekt.
Statens vegvesen har stoppet planlegginga av prosjektet, og eg håpar at det ikkje er brukt ei kr meir på Møreaksen i 2025.

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 569 (2024–2025) av 3. desember 2024 frå representanten og mitt svar på dette 11. desember 2024, samt skrifteleg spørsmål nr. 2315 (2024–2025) av 26. mai 2025 og mitt svar 2. juni 2025.
Statens vegvesen har som nemnt i tidlegare svar ein generell fullmakt gitt av Stortinget til å pådra forpliktingar knytt til planlegging, førebuande arbeidar og grunnerverv av prosjekt som ikkje har vedtatt kostnadsramme i Stortinget. Fullmakta er omtalt under generelle fullmakter i Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet, på s. 219.
I 2024 jobba Statens vegvesen med å sluttføra planleggingsprosessar på pågåande prosjekt på Møreaksen. I tidlegare svar har eg forklart at det er riktig at Statens vegvesen sluttfører allereie igangsette planleggingsprosessar på pågåande planprosjekt. Dette for at data skal kunne gjenbrukas om det blir aktuelt ved seinare høve.
Det er i 2025 regnskapsført om lag 0,4 mill. kr til Møreaksen. Statens vegvesen avslutta all vesentleg aktivitet på prosjekta i Møreaksen ved overgangen til 2025. I 2025 har det vore nokre mindre kostnadar for arbeid gjennomført i 2024. I tillegg til mindre kostnadar for plan for deponi og avsluttande arkeologi.