Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:697 (2025-2026)
Innlevert: 03.12.2025
Sendt: 04.12.2025
Besvart: 11.12.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Anne Kristine Linnestad (H): Skal Statens Vegvesen gjennomføre KS2 på E39 Storehaugen-Førde i 2026, og er det i så fall mogleg med oppstart av prosjektet i 2026 og når kan tidlegast oppstart finne stad?
I svar på budsjettspørsmål 770 svarer Samferdselsdepartementet at KS2 tidlegast kan skje "ved overgangen mellom 2026 og 2027". Til Firda seier Stortingsrepresentant, Erling Sande, 29.11.2025 følgjande:
"– Ap ville ikkje gå inn for det. Vi får jobbe vidare med det i 2026. Men planlegginga av tunnelen held fram, og vi taper ikkje noko tid. Målet er å få inn ein oppstart mot slutten av neste år, seier Sande. – Vi har lukkast å pushe prosjektet eit stort steg vidare, ved å presse på ved fleire høve det siste året. Så var jo mitt håp at vi skulle få det banka inn med oppstart på slutten av 2026. Det gjekk ikkje. Men det er positivt at planleggingsarbeidet går for fullt. Det betyr at det blir oppstart etter kvart. Eg skal pushe det eg kan, seier han."

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen jobbar med det faglege grunnlaget for eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet og med etablering av grunnlagsdokument for ein ekstern kvalitetssikring (KS2). Dokumenta er venta å bli ferdig i løpet av våren 2026. Det faglege grunnlaget skal deretter til lokalpolitisk handsaming og ekstern kvalitetssikring (KS2). Lokalpolitisk handsaming i Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune er venta å skje hausten 2026. KS2 vil da truleg kunne starte etter årsskiftet 2026/2027. Statens vegvesen kan deretter sende utkast til bompengeproposisjon til Samferdselsdepartementet hausten 2027 etter at ekstern kvalitetssikring er ferdig.
Fysisk oppstart vil skje etter at Stortinget har slutta seg til eit forslag om bompengefinansiering og kostnadsramme for prosjektet. Prosessen med konkurranse tek normalt eit år for prosjekt av denne storleiken.