Skriftlig spørsmål fra Stig Even Lillestøl (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:797 (2025-2026)
Innlevert: 14.12.2025
Sendt: 15.12.2025
Besvart: 22.12.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Stig Even Lillestøl (FrP)

Spørsmål

Stig Even Lillestøl (FrP): Kva konkrete grep vil statsråden ta for å beskytte norsk laks sin posisjon som eit kvalitetsprodukt på den internasjonale marknaden, og vil statsråden no ta konkrete grep for å håndtere problemstillinga?

Begrunnelse

I Brennpunkt-dokumentarserien «Lakselandet» som NRK publiserte i november, ble det kastet lys på bruk av falske etiketter fra etablerte norske selskap, noe som svekker tilliten til sjømatnæringen og skader omdømmet til norsk laks. Sjømat Norge mener kontroll av laksen skjer for sjeldent, at risikoen for å bli tatt er lav, og at reaksjonene er milde. Fiskeri- og havministeren meldte på Facebook i november at ho kalla inn næringsorganisasjonene til et møte i lys av Brennpunkt-dokumentaren.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Det viktigaste vi kan gjere for å løyse utfordringane med produksjonsfisk er betre fiskehelse og dyrevelferd i produksjonen, som igjen gjev mindre produksjonsfisk på marknaden. Dette er eit langsiktig og prioritert mål.

Regjeringa har det siste året lagt fram ny dyrevelferds- og havbrukspolitikk, gjennom havbruksmeldinga og dyrevelferdsmeldinga. Politikken har brei tilslutning på Stortinget, og skal bidra til å få fiskevelferda opp og talet på døde fisk ned.

Det er viktig at næringsaktørane følgjer gjeldande regelverk. Det er alvorleg at enkeltaktørar vel å bryte regelverket, og derfor ser eg samstundes på kva grep som må gjerast for å sikre eit effektivt regelverk. Det skal vere lønnsamt å følgje regelverket, ikkje bryte det.

Eg har god kontakt med Mattilsynet både om bruk av verkemiddel og oppfølging av fiskekvalitetsregelverket. Mattilsynet følgjer no saka opp gjennom å styrkje arbeidet med å avdekke lovbrot i verdikjeda, medrekna korleis tilsyn og kontroll kan gjerast meir målretta. Eit tett samarbeid med andre etatar som Tolletaten og Økokrim er også naudsynt. Uansett skal alvorlege tilfelle av lovbrot bli melde til politiet – slik som i dag. Dette er viktig for å sikre at reglane vert følgde og at ein opprettheld tilliten til matforvaltninga.

Når det gjeld andre verkemiddel, til dømes nye gebyr for regelbrot, har vi fått innspel frå Mattilsynet. Eventuell bruk av lovbrotsgebyr etter matlova må vi drøfte med dei andre ansvarlege departementa – Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Eg har vore tydeleg om at vi skal vurdere det norske kvalitetsregelverket; eg har òg vore tydeleg om at næringa sjølv må ta eit større ansvar. Det er næringsaktørane, eine og aleine, som er ansvarlege for at gjeldande regelverk følgjes. Det er næringsaktørane som må stå til rette for at dei følgjer gjeldande regler og at fisken held den kvaliteten som kundane etterspør og forbrukarane fortener.

Eg forventar at næringa er medviten sitt ansvar, slik at ein ikkje skuslar bort det gode omdømet til norsk sjømat.