Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:932 (2025-2026)
Innlevert: 18.12.2025
Sendt: 22.12.2025
Besvart: 07.01.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva regjeringa har løyvd pengar til og har tenkt starta opp av samferdselsprosjekt, og samferdselstiltak som har beredskaps og forsvarsmessig viktighet i årets statsbudsjett, og budsjettet for 2026?
Samferdselsministeren og representantar frå regjeringspartiet hevda i årets budsjettdebatt at regjeringa har satsa på beredskap innan samferdsel.
Vi andre har nok ei anna oppfatning, og meiner dette slett ikkje er tilfelle.
Regjeringa har innnan samferdsel ikkje nevnt området med eit ord i to påfølgande Trontaler, og heller ikkje har regjeringa synleggjort dette ved viktige beredskaps og forsvarsmessige samferdselsprosjekt i praksis i budsjettet.

Jon-Ivar Nygård: Transportberedskapen er viktig for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar i fred, krise og krig. Transportinfrastrukturen skal derfor òg ivareta militær mobilitet. Regjeringa tek omsyn til dette i si vurdering og prioritering av tiltak i transportinfrastrukturen.
Mange tiltak som blir gjennomførte i samferdselssektoren, vil bidra til å ivareta militær mobilitet og samfunnstryggleik, men utan at dette går eksplisitt fram til dømes av løyvingsforslaga i Prop. 1 S eller i andre framlegg om løyvingar. Under omtalar eg nokre tiltak som er viktige for samfunnstryggleik og militær mobilitet.
På vegområdet blir i 2026 mellom anna prosjektet E6 Megården–Sommerset i Nordland ført vidare, etter at anleggsarbeida starta opp våren 2025. Dette prosjektet vil styrkje nord-sør-aksen vesentleg. Prosjektet har ei kostnadsramme på 7 522 mill. kr. Innanfor mindre investeringstiltak på riksveg blir tiltak som er viktige for militær mobilitet prioritert i 2026. Statens vegvesen legg opp til å starte nye tiltak på E10 i Narvik-området og på strekninga E14 Stjørdal–Riksgrensen i Trøndelag. For å understøtte militær mobilitet og samfunnstryggleik vidarefører Statens vegvesen eit omfattande program for punktvise utbetringar på riksvegnettet, til dømes av bruer og ferjekaier. Fleire døme på aktuelle tiltak innanfor mindre investeringar på riksveg i 2026 er lista opp på side 89 i Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet.
I 2025 blei det oppretta ei øyremerkt tilskotsordning til fylkeskommunane med ei løyving på 50 mill. kr for å ruste opp bruer på fylkesvegnettet som er viktige for militær mobilitet. I statsbudsjettet 2026 er løyvinga dobla til 102 mill. kr. Løyvinga vil gjere det mogleg å starte arbeidet på alle dei fire bruene der prosjekteringa starta i 2025.
På jernbanen er det anslått å bruke 700 mill. kr i 2026 på tiltak som legg til rette for auka kapasitet og meir effektiv godstransport mellom Oslo og Narvik, via Kongsvinger og Sverige. Tiltaka omfattar til dømes å forlenge kryssingsspor på Kongsvingerbanen, utbygging på Narvik stasjon og tidlegare gjennomført kapasitetsauke på Narvikterminalen. Elektrifiseringa av Meråkerbanen blei ferdig i 2025, slik at det no er felles driftsform av banen på norsk og svensk side. Desse tiltaka bidrar til å styrkje øst-vest-aksen.
Løyvingar til drift, vedlikehald og fornying av transportinfrastrukturen bidrar til at veg- og jernbanenettet blir meir motstandsdyktig mot ekstremvêr og andre naturhendingar.
Til drift og vedlikehald av riksvegnettet er det mellom anna løyvd 11 409,0 mill. kr i 2026. Det høge nivået frå saldert budsjett 2025 blir med dette vidareført og reelt styrkt i 2026.
I 2026 er det på jernbanen løyvd 7 509,0 mill. kr til drift og vedlikehald og 7 853,6 mill. kr til fornying og mindre investeringar. I alt er dette ein auke på 1 mrd. kr frå saldert budsjett 2025. Løyvingane til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen blei vidare auka med 3,2 mrd. kr frå 2024 til 2025.