Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1074 (2025-2026)
Innlevert: 08.01.2026
Sendt: 09.01.2026
Besvart: 15.01.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV): Kva ansvar meiner statsråden staten har for å sikra akutt- og ambulanseberedskap ved Haugesund lufthamn Karmøy, når drifta er sett bort til eit privat selskap utan økonomisk bereevne til å ivareta samfunnskritiske funksjonar, og vil statsråden ta initiativ til å sørgja for at nødvendig beredskap kjem på plass att uavhengig av konsesjonsmodell og betalingsansvar?
Akutt- og ambulanseberedskap ved lufthamner er ein del av den grunnleggjande samfunnstryggleiken, og kan i praksis vera avgjerande for liv og helse. Ved Haugesund lufthamn Karmøy er denne beredskapen no lagt ned fordi den private operatøren, Lufthavndrift AS, ikkje har økonomi til å bera kostnaden. Dette skjer trass i dokumentert behov, mellom anna gjennom ei rekkje helserelaterte flygingar dei siste åra.
Lufthavndrift AS har sidan overtakinga i 2019 gått med store og strukturelle underskot. Selskapet har likevel i fleire år på frivillig basis finansiert ambulanseberedskap, utan at dette har vore eit krav i konsesjonen eller økonomisk kompensert frå staten. Når beredskapen no blir kutta som følgje av økonomisk krise, synleggjer dette ein grunnleggjande svikt i modellen for privat drift av samfunnskritisk infrastruktur.
Staten eig infrastrukturen, fastset konsesjonsvilkåra og har det overordna ansvaret for luftfartspolitikken og nasjonal beredskap. At livsviktig akuttberedskap blir gjort avhengig av eit privat selskap sin økonomi, reiser alvorlege spørsmål om marknadsmodellar er eigna til å ivareta grunnleggjande tryggleiksomsyn.
Uavhengig av om staten vel å påleggja beredskap gjennom konsesjonsvilkår, finansiera ho direkte over statsbudsjettet, eller ta tilbake drifta i offentleg regi, må nødvendig akuttberedskap vera på plass. Liv og helse kan ikkje vera avhengig av frivillige ordningar eller årlege underskot i eit privat driftsselskap.
Statsråden bør derfor klargjera kva ansvar staten faktisk tek i denne saka, og kva konkrete tiltak som vil bli sette i verk for å sikra at akutt- og ambulanseberedskap ved Haugesund lufthamn Karmøy blir gjenoppretta og varig sikra.

Jon-Ivar Nygård: I 2018 inngjekk Lufthavndrift AS ein tenestekontrakt med Avinor for perioden 2019-2039. Kontrakten inneber at Lufthavndrift AS har det økonomiske ansvaret for lufthamna. Det skal ikkje gjevast tilskot til drifta, jf. Prop. 31 (2016-2017) og Innst. 129 S (2016-2017)
I Avinors konsesjon for Haugesund lufthamn, gitt 12. februar 2014, og som gjaldt fram til Lufthavndrift AS fekk konsesjon i 2019, var det i eit av vilkåra sett krav om at lufthamna skal haldast open på dei tidene som er nødvendige for å betena mellom anna ambulanseflygingar. Dette vilkåret om ambulanseberedskap vart, som også representant Fiskaa peikar på, ikkje vidareført då Lufthavndrift AS under den førre regjeringa fekk konsesjon for Haugesund lufthamn. Som representant Fiskaa skriv, har Lufthavndrift AS likevel på frivillig basis finansiert ambulanseberedskap.
Samferdselsdepartementet har vore i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet om saka. Etter det eg har fått opplyst at Helse Vest har uttalt, blir ambulansefly i hovudsak nytta til planlagde reiser i samband med heimtransport, og at dette fint lèt seg gjera innanfor opningstida til flyplassen. Helse Vest har også uttalt at det for akutte turar blir nytta helikopter, og at stenging av flyplassen ikkje har påverknad på turar som går føre seg akutt med helikopter.
Ut frå dei opplysningane eg har mottatt i saka, synes ikkje forholda ved lufthamna å være til hinder for ein tilfredsstillande akutt- og ambulanseberedskap ved Haugesund lufthamn, Karmøy.