Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1099 (2025-2026)
Innlevert: 11.01.2026
Sendt: 12.01.2026
Besvart: 19.01.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sikre at fiskarar som må betale formuesskatt ikkje risikerer å falle ut av fiskarmantallet pga. reglane om inntekt frå anna enn fiskeri?
Å vera registrert på blad b i fiskarmantalet har ein del krav. Blant anna kan man ikkje tene meir enn 300 000,- fra anna yrke eller næring. Ein del av dei som er fiskarar på heiltid eig sitt eigen båt og denne må det oftast betalast formuesskatt for sidan regjeringa opprettholder den egne skatten på å eiga bedrifter i Norge. For å betale denne formuesskatten må difor fleire ta ut utbytte for å betale dette personleg. Då kan dette utbyttet overstige dei 300 000,- og det kan umulig ha vært hensikten med regelverket at terskelen kan føre til at nokon fell ut av blad b fordi dei må betale formuesskatten for å eige fiskebåten.

Marianne Sivertsen Næss: Fiskarmanntalet skal vere eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg aleine eller saman med anna næring eller anna arbeid. Registeret er organisert i to blad, A og B. På blad A vert personar som har fiske eller fangst som binæring registrerte. På blad B vert personar som har fiske eller fangst som hovudnæring registrerte.
For eigarar av fartøy som skal delta i dei tilgangsregulerte kystfiskeria eller det konvensjonelle havfisket, er det eit krav å vere registrert i fiskarmanntalet. Som eit utgangspunkt må fartøyeigar og høvedsmann vere registrert på blad B for at fartøyet skal kunne delta i lukka fiskeri, mens det normalt er tilstrekkeleg å vere registrert på enten blad A eller blad B for å delta i opne fiskeri. Registrering på blad B er vidare eit vilkår for fiskarpensjon, og oppfylling av vilkåra for registrering på blad B er ein føresetnad for dagpengar for fiskarar under arbeidsløyse. Det er frivillig om ein vil registrere seg i manntalet dersom ein oppfyller vilkåra.
Det gjeld ulike vilkår for registrering på høvesvis blad A og blad B. Til dømes må ein ha inntekt frå fiske og fangst på høvesvis 50 000 og 100 000 kroner, og ein må ikkje ha inntekt frå anna yrke eller næring på meir enn høvesvis 400 000 kroner og 300 000 kroner (høvesvis 500 000 kroner og 400 000 kroner dersom ein bur i eit særleg verkeområde i Nord-Noreg).
Kapitalinntekt skal som hovudregel reknast som inntekt frå anna yrke eller næring. Der kapitalen er opparbeidd gjennom fiske skal avkastninga likevel ikkje reknast som slik inntekt, og heller ikkje som inntekt frå fiske og fangst. Kapitalinntekt som er oppnådd gjennom arv eller ved vinst i lotteri, eller avkastning av slik kapital, skal heller ikkje reknast som inntekt utanom fiske. Desse krava kan sjåast i samanheng med aktivitetskravet i deltakarlova § 6 og skal bidra til at berre dei som har fiske og fangst som sentral del av sin yrkes- eller næringsaktivitet, vert registrerte som yrkesfiskarar. Reglane legg såleis samla sett godt til rette for at aktive fiskarar ikkje risikerer å miste manntalsstatus som følgje av inntekt frå kapital opparbeidd gjennom fiske.
I denne samanhengen kan det vere relevant å nemne at fiskeriforvaltninga for tida arbeider med ein gjennomgang av manntalsforskrifta, der ein mellom anna ser på om dei ulike inntektsgrensene i fiskarmanntalet bør justerast i tråd med pris- og lønsutviklinga, enten ved at eit eller fleire av beløpa i forskrifta vert justerte, eller ved at beløpa vert knytt opp mot grunnbeløpet i folketrygda. Planen er etter kvart å sende eit framlegg om forskriftsendringar på høyring.