Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til næringsministeren
Dokument nr. 15:1176 (2025-2026)
Innlevert: 18.01.2026
Sendt: 19.01.2026
Besvart: 26.01.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Spørsmål
Erling Sande (Sp): Vil statsråden gripe inn og hindre nedlegging av Førdekontoret og andre sentraliserande grep som Innovasjon Norge no varslar?
Begrunnelse
Historisk har Innovasjon Norge mellom anna utgangspunkt i Distriktenes utbyggingsfond og er tenkt som ein viktig reidskap for å utvikle heile Noreg. Ein desentralisert organisasjon er viktig for å kjenne til dei utfordringar og moglegheiter dei ulike delane av landet har. At Innovasjon Norge har tilsette i den same geografien som det næringslivet organisasjonen skal bistå med til dømes startkapital og rådgjeving gjev meir effektiv og treffsikker ressursbruk. No varslar Innovasjon Norge at dei vil legge ned kontoret i Førde, noko som vil vere eit tap for Fjordane regionen og bety at verkemiddelapparatet kjem lengre unna det næringsliv og dei grundarar dei skal bidra til.

Svar
Cecilie Myrseth: Gjennom Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2026 blei det vedteken reduksjon i løyvingane til det næringsretta verkemiddelapparatet, inkludert til Innovasjon Noreg. Som følgje av desse kutta må selskapet ta ulike grep for å kutte kostnader. Selskapet har opplyst at det er snakk om ei nedbemanning med om lag 100–110 personar. Samstundes har dei meldt at selskapet framleis vil vere til stades i heile landet, men at dei framover vurderer å slå saman einskilde kontor og å ta andre grep for å få større fagmiljø og sikre betre utnytting av samla kapasitet og kompetanse. Selskapet vil sikre nærleik til regionalt næringsliv på nye måtar, blant anna gjennom å ha tilsette som sit i regionale næringsmiljø. Arbeidet med oppstartsbedrifter og gründerar i heile landet vil bli best mogleg handsama innanfor dei rammene selskapet no har.
Selskapet sitt styre har ansvaret for ei forsvarleg organisering av verksemda, jf. lov om Innovasjon Noreg § 17. Det er derfor styret sitt ansvar å gjennomføre naudsynt omstilling som følgje av redusert oppdragsmengde.
Eigarane, staten ved Nærings- og fiskeridepartementet (51 pst.) og fylkeskommunane (49 pst.), utøver den øvste myndigheita i selskapet i føretaksmøtet. Eigarane si myndigheit i selskapet kan ikkje utøvast utanom i føretaksmøtet, jf. lov om Innovasjon Noreg § 28. NFD, fleire andre departement og fylkeskommunane er òg oppdragsgivarar for selskapet. NFD sine oppdrag til selskapet blir vedtekne av Stortinget etter forslag frå regjeringa, og blir delt selskapet gjennom oppdragsbrev.
På bakgrunn av oppdraga dei får, skal Innovasjon Noreg innrette tilbodet sitt til næringslivet på ein målretta og effektiv måte, for å ta hand om formålet og oppgåvene sine best mogleg innanfor dei midlane som er tilgjengelege. Eg har tillit til at selskapet vil finne gode løysingar framover i dialog med oppdragsgivarar og eigarar. Eg vil understreke at Innovasjon Noreg framleis skal vere til stades i heile Noreg og tett på næringslivet.