Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1217 (2025-2026)
Innlevert: 19.01.2026
Sendt: 19.01.2026
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): EIn av fire barselkvinnar droppar barselkontroll.
Vil statsråden sikre betre og tydeleg informasjon og automatisk innkalling av kvinner til frivillig barselkontroll 6 veker etter fødsel, og at fastlege- og jordmortenesta har nok ressursar til å gjennomføre slik kontroll ?

Begrunnelse

VG har 19,januar omtalt ein NTNU studie som viser at ein av fire kvinner droppar barselkontroll. Dette er høgare andel enn i SVerige og ENgland. Kontrollen er der for å støtte mor og følge opp helsa hennar, fremme amming og bidra til at mor, barn og familie har det bra. Artikkelen oppgir fire hovudårsaker til at kvinner ikkje går til kontroll: dei mangla fastlege, dei følge at det ikkje var nødvendig med barselkontroll, dei var misfornøgd med tidlegare besøk eller dei visste ikkje om tilbodet. Ein tredel av kvinnene visste ikkje at kontrollen var gratis.
Det er urovekkande at så mange kvinner ikkje går til barselkontroll. Dette er ein sentral del av det førebyggjande arbeidet for å sikre god kvinnehelse, og kan også vere viktig for å oppdage fødselsdepresjon hos barselkvinner. Det er også viktig for å sjå til at barnet og familien har det bra. Det synes som om at det ikkje blir informert godt nok om tilbodet og difor burde også automatisk innkalling bli vurdert.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig