Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1258 (2025-2026)

Innlevert: 22.01.2026
Sendt: 22.01.2026
Besvart: 28.01.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram status og framdrift på dei samferdselsprosjekt som Statens vegvesen har ansvaret for i Møre og Romsdal, ryddig og skjematisk satt opp fordelt pr prosjekt, med status, prioritet, framdriftsplan, økonomiske grunnlag og løyvingar?

Begrunnelse

Det blir referert frå møter mellom kommuner og Statens vegvesen, at det blir uttalt frå representant for Statens vegvesen at, det er ikkje rart det er lite vegbygging i regionen, når vi har politikarar som motarbeider vegbygging.
Det vedkommande heller burde sagt, er at Statens vegvesen region midt ikkje har gjennomført det politikarane faktisk har prioritert i Møre og Romsdal i svært mange tiår, og at det blir ikkje mykje vegbygging når vi har eit Statens vegvesen som ikkje følger politiske prioriteringar.
I NTP etter NTP i mange tiår, har absolutt alt av folkevalgte organ med politikarar i kommunestyrer, fylkesting og på Stortinget prioritert som nr 1 fullverdig planlegging, og utbygging av heile E-136 frå Ålesund til Bjorli.
Dette er fylkets viktigaste veg og den viktigaste eksportvegen.
Dette har grundig blitt motarbeidd av Statens vegvesen i regionen i årevis ved å flytte planleggingsmidlane frå E-136, som av absolutt alle kommunar, fylkesting, LO, NHO osv. har vore prioritert som prosjekt nr. 1 her i fylket, til Møreaksen som har sløsa vekk over ein halv milliard kr på eit vanvittig sløseriprosjekt til mange totals milliard kr som heldigvis aldri blir bygd.
Hadde Statens vegvesen latt være å sjå på seg sjølve som politikarar som egentlig vil bestemme, så hadde heile E-136 frå Ålesund til Bjorli vore ferdig utbedra og bygd for lengst.
Regjering av ulike fargar, har sjølvsagt ikkje løyva midlar til denne vegstrekninga, rett og slett med bakgrunn i manglande planlegging.
I staden har Nye veier as vorte nøydd til å ta over frå Statens vegvesen E-136 frå Åndalsnes til Bjorli, der Statens vegvesen verkeleg har fortjent å miste ansvaret for denne vegstrekninga.
Nye veier as har bevist at dei på få år har sett igang fleire prosjekt på strekninga E-136, og dei har levert der Statens vegvesen har svikta.
No står det igjen å fjerne ansvaret frå Statens vegvesen for E-136 frå Ålesund til Vestnes, og få dette også over til Nye veier as så raskt som råd.
Spenninga som er i vår region no, er om Statens vegvesen verkeleg ynskjer å bygge ein meter veg i vår region, og mange er bekymra for at prosjekt slik som E-39 forbi Batnfjorden, RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og Voldatunellen osv. ikkje får nødvendig drahjelp frå Statens vegvesen i regionen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: