Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren
Dokument nr. 15:1259 (2025-2026)
Innlevert: 22.01.2026
Sendt: 22.01.2026
Besvart: 29.01.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte tall for kostnadar for Voldatunnelen, etter 2026-kroner, og etter oppdaterte grunnlag på lik linje med andre samferdselsprosjekt her i landet, med bakgrunn i kostnadsveksten?
Begrunnelse
Eg har tidligare stilt spørsmål til samferdselsministeren om framdrift, status og kostnadar for Voldatunellen i Møre og Romsdal.
I dei fleste andre prosjekt, er kostnadsestimat blitt justert etter dagens kr og etter nye vurderingar, i spørsmål ang dette ang Voldatunellen er der berre gjengjeve tidligare vurderingar.
Det er ei kjent sak at kostnadane innan transport, bygg og anlegg har auka betydeleg kvart år over lang tid, derfor er det viktig at kostnadsvurderingane for slike prosjekt blir justert i tråd med dette.

Svar
Jon-Ivar Nygård: Eg viser til svar på spørsmål nr. 97 av 17. oktober 2025 og nr. 289 av 30. oktober 2025. I samband med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2025–2036 blei det utarbeidd kostnadsanslag for E39 Volda–Furene hausten 2022. Anslaget viser ein kostnad (P50) på om lag 2,3 mrd. 2026-kr og eit anslått bompengebidrag på om lag 700 mill. 2026-kr. Det er ikkje gjennomført eit oppdatert kostnadsoverslag for prosjektet etter overslaga som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2025–2036.
I mai 2025 sende Statens vegvesen oppdaterte utrekningar av bompengepotensialet i prosjektet til Volda kommune. Utrekningane er gjorde på eit overordna nivå og er gjengjevne i svaret mitt på spørsmål nr. 97. Statens vegvesen vurderer i brevet at eit bompengebidrag på noko over 700 mill. 2026-kroner, med tilhøyrande takstnivå, vil vere rimeleg for prosjektet. Det er likevel lokalpolitiske styresmakter som til slutt skal vurdere kva som er eit akseptabelt bompengenivå i prosjektet, sett opp mot andre nytte- og kostnadsverknader av prosjektet og lokalpolitiske vurderingar.