Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
Dokument nr. 15:1288 (2025-2026)
Innlevert: 25.01.2026
Sendt: 26.01.2026
Til behandling

Spørsmål
Anne Grethe Hauan (FrP): Kva meiner statsråden er årsaka til at fleire personar med alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar døyr for tidleg, og erkjenner statsråden at manglande kapasitet og for dårleg oppfølging i psykisk helsevern og rusbehandling bidrar til at fleire i denne gruppa mistar livet?
Begrunnelse
Helsedirektoratet sine eigne tal viser ei dyster utvikling for menneske med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem. Desse menneska døyr langt oftare enn andre, og skilnaden aukar. For alvorleg psykisk sjuke er risikoen for å døy i dag rundt åtte til ni gonger høgare enn i befolkninga elles, medan personar med ruslidingar har ein risiko som ligg ti til tolv gonger høgare. Mange av dødsfalla skuldast sjølvmord, overdosedødsfall og ulykker – altså dødsfall som i mange tilfelle kunne vore førebygde med rett hjelp til rett tid.
Samtidig viser tala at færre får plass i døgnbehandling innan psykisk helsevern og rusbehandling enn tidlegare. Fleire pasientar blir avviste, sett på vent eller skrivne ut raskt, ofte før dei er stabile nok til å klara seg sjølve. Mange fell mellom stolane i overgangen mellom sjukehus og kommune, utan tett oppfølging, utan tryggleik og utan ein plan som faktisk held. Pårørande fortel om fortviling, og fagfolk peikar på at mangel på kapasitet, kontinuitet og ansvar gjer at dei mest sårbare blir ståande aleine – med liv og helse som innsats.
Svar
Svaret er ennå ikke tilgjengelig