Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1289 (2025-2026)

Innlevert: 25.01.2026
Sendt: 26.01.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Korleis vurderer statsråden samanhengen mellom økonomisk press, høge levekostnader og dei folkehelseutfordringane som blir dokumenterte i folkehelseundersøkingane i Vestfold og elles i landet, og meiner statsråden at dagens nivå på skattar og avgifter bidrar til betre folkehelse – eller til å forsterka ensomhet, psykiske plager og utanforskap?

Begrunnelse

Folkehelseundersøkelsen i Vestfold viser at mange innbyggjarar slit med psykisk helse, ensomhet og låg livskvalitet. Liknande funn går igjen i folkehelseundersøkingar frå alle delar av landet. Samtidig opplever mange at kvardagen har blitt merkbart dyrare dei siste åra, med høgare utgifter til straum, mat, drivstoff, bustad og andre nødvendige levekostnader.

Økonomisk press kan forsterka stress, uro, ensomhet og utanforskap, og er difor ein viktig del av biletet når ein vurderer folkehelse og psykisk helse. Likevel opplever mange at folkehelseundersøkingar i hovudsak fører til meir kartlegging og fleire rapportar, utan at det blir fulgt opp med tiltak som faktisk gjer kvardagen lettare for folk som slit økonomisk og sosialt.

Når staten år etter år dokumenterer dei same folkehelseutfordringane, samstundes som mange får mindre å rutta med som følgje av høge skattar, avgifter og levekostnader, reiser det spørsmål om dagens politikk bidrar til å forbetra eller forverra situasjonen for dei som slit mest.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig