Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til klima- og miljøministeren
Dokument nr. 15:1312 (2025-2026)
Innlevert: 26.01.2026
Sendt: 27.01.2026
Til behandling

Spørsmål
Erling Sande (Sp): Ser ikkje statsråden at måten Riksantikvaren og statsråden her tolkar og praktiserer regelverket svekker legitimiteten til lovgjevinga og skapar politikarforakt?
Begrunnelse
Mange har blitt opprørt over saka der ein barnehage må rive ein gapahuk og flytte aktiviteten frå eit flott friluftsområde som barnehagen sjølv har bidrege til å halde ope og tilgjengeleg for folk. Bakgrunnen er at det er lokalisert gravrøyser i området der Gapahuken står og at den blir vurdert å vere for nær desse gravrøysene. I staden for å sjå dei moglegheitene som ligg i historieformidling og kunnskap for borna er svaret til staten at Gapahuken må rivast. Eg stilte spørsmål til statsråden om dette 11.05.25, og Statsråden har også blitt invitert til å besøkje området. Men Ap-regjeringa har ikkje foretatt seg nokon ting.
Lokalsamfunnet er stolt av å bu i eit område rikt på kulturminner – men avgjerda til staten er blitt møtt med hovudristing og sinne. Vereidesletta der barnehagen ligg er eit av Norges tettaste gravfelt, det er lokalisert over 200 gravrøyser frå fleire historiske periodar. Det er samtidig eit levande lokalsamfunn.
Svar
Svaret er ennå ikke tilgjengelig