Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1327 (2025-2026)

Innlevert: 27.01.2026
Sendt: 27.01.2026
Besvart: 02.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Ber om at det vert gjort grundig greie for prosedyrane for vedlikehald av Flytoget sitt materiell både før og etter Norske Tog tok over eigarskapet, og om tilstanden på materiellet har endra seg etter overføring av vedlikehaldsansvaret?

Begrunnelse

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Samstundes med at Flytoget AS blei del av Vy-konsernet, blei eigarskapen til flytoga overført til statens togmateriellselskap, Norske tog AS. Dei tilsette i Flytoget med ansvar for å vedlikehalde flytoga, blir med til Norske tog via verksemdoverdraging. Leigeavtala mellom Flytoget og Norske tog inneber ingen endring av ansvaret for vedlikehald av toga.
Flytoget kan over tid vise til gode resultat av sitt togvedlikehald. Dei same menneskja vil med andre ord framleis arbeide med vedlikehald av flytoga. Overdraginga vil ikkje påverke Flytogets daglege drift. Samstundes vil overdraginga på sikt bidra til å styrkje Norske togs fagmiljø for forvaltning av tog.