Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1341 (2025-2026)
Innlevert: 28.01.2026
Sendt: 28.01.2026
Besvart: 04.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet til samferdselsministeren er konkret, kven skal finansiere arm til Geiranger ved bygging av ny RV 15 Strynefjellet, ei arm som sjølvsagt må byggjast samtidig med resten av prosjektet, tar staten det sjølvsagte og rettmessige fulle ansvaret for dette, og kva er berekna kostnad med oppdaterte tall for denne arma til Geiranger?
Rv15 Strynefjellet med arm til Geiranger, vart vedteke i siste behandlinga av Nasjonal transportplan med eige romertallsvedtak, der underteikna var sentral i denne prosessen for å kunne prioritere dette prosjektet fram til fyrste 6 års perioden i planen.
Prosjektet er satt opp på Statens vegvesen sin handlingsplan og prosjektering og planlegging av prosjektet er sett igang og er under arbeide.
Arm til Geiranger er med i prosjektering og planleggingsfasen, men kven som skal finansiere dette og korleis står egentlig ganske uklart fram.
FrP sin alternative NTP syner statlig fullfinansiering av dette prosjektet inkl. arm til Geiranger, som har vore vårt grunnlag heile tida. Derimot står dette spørsmålet relativt uklart fram frå dagens regjering.
Møre og Romsdal fylkeskommune har vil eg tru, liten eller ingen økonomiske grunnlag for å dekke inn mange milliard kr til ei arm til Geiranger frå ny RV 15 Strynefjellsprosjektet, og ligg pr. i dag heller ikkje inne i fylket sin investeringsplan dei neste 10 åra.
Det vert uansett avgjerande å få ei snarleg avklaring korleis denne arma skal finansieres då denne vegstrekninga ligg pr i dag som ein del av FV 63.
Ein heilårsveg til Geiranger frå Strynefjellet vil ha svært stor betydning for Geiranger som samfunn, samt ha stor betydning med tanke på beredskap. Straumsituasjonen til bygda er kritisk, der ei mulig løysing for tilførsel av straum til Geiranger, er ved kabel gjennom tunellen med arm til Geiranger frå bygginga av ny RV 15 Strynefjellet.
Møre og Romsdal Fylkeskommune har også nyleg tatt eit svært stort økonomisk løft for Geirangerbygda ved bygging av rassikker veg frå Eidsdalsida, med ny tunell til over ein milliard kr.

Jon-Ivar Nygård: Prosjektet rv. 15 Strynefjellet er etter Stortingets behandling av i Nasjonal transportplan 2025–2036 prioritert for planlegging og utbygging i første del av planperioden, men det er ikkje tatt stilling til endeleg omfang eller detaljert løysing.
Statens vegvesen er no i gang med arbeidet med kommunedelplan og konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet, inkludert sidearmen mot Geiranger. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring KS1 i 2018. Armen til Geiranger er definert som eit fylkesvegprosjekt, og det er lagt til grunn at Møre og Romsdal fylkeskommune skal prioritere denne delen i tråd med dåverande samferdselsminister frå FrP sine føringar etter konseptvalutgreiinga for rv. 15 Strynefjellet frå 2018.
Det er lagt til grunn at det vil bli gjennomført nye vurderingar av kostnader for prosjektet i samband med arbeidet med kommunedelplanen, inkludert arm til Geiranger, der resultat frå optimaliseringsprosessen vil bli vurdert.
Eg vil avslutningsvis peike på at endringar i prosjektets omfang, må vurderast ved rullering av Nasjonal transportplan og innanfor dei økonomiske rammene til planporteføljen i Nasjonal transportplan 2025–2036.