Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1342 (2025-2026)
Innlevert: 28.01.2026
Sendt: 28.01.2026
Besvart: 04.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselministeren prioitere nødvendige løyvingar til Statens vegvesen region midt for snarleg planlegging og utbygging av nye ferjekaier på Molde og på Furneset som holder nødvendig framdriftsplan, samt generelt styrke ferjefinansieringa for ferjedrifta i regionen?
Det er ifølge Statens vegvesen region midt eit stort behov for å svært raskt kunne etablere nye ferjekaier på Molde sida og på Furneset i Vestnes. Anlegget med nye ferjekaier må stå klart innan få år og max etter 4-5 år fram i tid, er konklusjonen frå statens vegvesen, pga. aukande trafikk. Dette sambandet vil med auka frekvens og kapasitet også medføre følgekonsekvenser for andre større ferjesamband i regionen, både på riks og fylkesvegsamband som korresponderer med dette sambandet. Som igjen vil medføre behov for auka løyvingar til ferjedrifta både til riks og fylkesvegferjene.

Jon-Ivar Nygård: Ferjene er ein viktig del av vegnettet og ein sentral del av det norske transportsystemet langs kysten og for øysamfunn.
I statsbudsjettet for 2026 er det lagt til grunn ei vidareføring av rutetilbodet i riksvegferjedrifta, med enkelte justeringar i kapasiteten. Totalt er det løyvd om lag 3,9 mrd. kroner i tilskot til riksvegferjedrifta i 2026, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet.
I riksvegferjedrifta blir det lagt vekt på å sikre eit stabilt og føreseieleg ferjetilbod, samstundes som det blir arbeidd med å redusere utslepp frå ferjedrifta. Eventuelle auke i finansieringa må vurderast gjennom dei ordinære budsjettprosessane og prioriteringane i Nasjonal transportplan.
Dagens kontrakt for sambandet E39 Molde–Vestnes gjeld fram til og med 2028, med mogleg opsjon fram til 2031. Spørsmål om kapasitet på sambandet vil bli vurdert i samband med utlysing av ny kontraktsperiode. Statens vegvesen er i gang med regulering av ny ferjekai på Furnes og med grunnlag for tilpassingar av kaianlegga i Molde. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med nytt anbod for sambandet E39 Molde–Vestnes.