Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1436 (2025-2026)
Innlevert: 03.02.2026
Sendt: 03.02.2026
Besvart: 09.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministrene gjere greie for korleis drifts og vedlikeholdskontraktene for veg er bygd opp, med kva profil, volum og økonomisk grunnlag dette er lagt til grunn, satt opp for både Staten vegvesen og Nye veier as sine drifts og vedlikeholdskontrakter, for perioden 2021- fram til i dag gjeldande heile landet?
Drifts og vedlikeholdskontraktene for veg har auka voldsomt i pris dei siste åra landet over.
Korleis profilen for desse kontrakten blir lagt ut i marknaden har stor betydning for prisfastsettelse med bakgrunn i kva konkurranse ein oppnår i marknaden. Blir kontraktene lagt ut i marknaden med svært store områder og svært stort volum, kan dette medføre lågare konkurranse, og at underleverandørar til slike kontrakter trekker seg rett og slett med bakgrunn i at det ikkje alltid er økonomisk forsvarleg å delta.

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen
Drifts- og vedlikehaldskontraktane for riksvegnettet er eit sentralt verkemiddel for å sikre framkome, trafikktryggleik og funksjonalitet på vegane. Nedanfor vert det gjort greie for hovudtrekka i oppbygging, omfang og økonomisk grunnlag for desse kontraktane i perioden frå 2021 og fram til i dag.
Profil
Vegdriftskontraktane til Statens vegvesen er i hovudsak funksjonsbaserte kontraktar, der entreprenøren har ansvar for drift, beredskap og delar av det mindre vedlikehaldet på riksvegnettet innanfor eit definert kontraktsområde.
Kontraktane er baserte på fastsette funksjons- og standardkrav, og omfattar ansvar for planlegging, trafikkavvikling, dokumentasjon og beredskap, mellom anna knytt til ulukker og vinterdrift.
Volum og omfang
Vegdriftskontraktane omfattar mellom anna vinterdrift, grøntskjøtsel, inspeksjonar, reinhald, drift av drensanlegg, tunnelar og anna vegutstyr. Kontraktane omfattar riksvegar og tilhøyrande gang- og sykkelvegar, med sideområde og tekniske installasjonar.
Lengda på vegnettet i dei einskilde kontraktane varierer normalt frå om lag 260 km til 560 km. For det riksvegnettet Statens vegvesen har ansvar for, er vegnettet delt inn i om lag 30 vegdriftskontraktar. I tillegg er enkelte riksvegstrekningar omfatta av OPS-kontraktar.
Kontraktsperioden for vegdriftskontraktane er som hovudregel 5 år, med opsjon på forlenging i inntil 3 år. OPS-kontraktar omfattar om lag 2 prosent av riksvegnettet og har ein varigheit på inntil 30 år.
Økonomisk grunnlag
Det økonomiske grunnlaget for kontraktane er basert på historiske mengder og erfaringstal frå tidlegare kontraktar, samt gjeldande krav i Statens vegvesen sine handbøker. Prisgrunnlaget vert fastsett ut frå forventa omfang av oppgåver, inkludert variasjonar i trafikk, klima og geografiske forhold.
Det har dei seinare åra vore ei auka vektlegging av klima- og miljøomsyn, i tråd med krava i anskaffingsforskrifta § 7 9. Etter regelendringane i 2024 inneber dette eit nasjonalt krav om minimum 30 prosent klima- og miljøvekting i relevante anskaffingar. For å handtere dette vert det i aukande grad nytta forhandlingar som del av konkurranseprosessen, og frå 2025 vert forhandlingar nytta i alle nye vegdriftskontraktar.
Utforminga av drifts og vedlikehaldskontraktane vert jamleg vurdert, både når det gjeld kontraktsstruktur og omfang, for å leggje til rette for god konkurranse i marknaden og samstundes sikre effektiv drift og høg kvalitet på riksvegnettet i heile landet.
Nye Veier AS
Nye Veier vart etablert i 2016, og har etter sine vedtekter og rammeavtale med Samferdselsdepartementet ansvar for drift og vedlikehald av dei vegstrekningane som selskapet byggjer ut. Selskapet si driftsportefølje har derfor gradvis auka i omfang, og vil i løpet av dei komande åra auke med 70%, til totalt 250 km.
Vegdrifta blir utført gjennom tenestekjøp i marknaden, og kontraktane for drift og vedlikehald er derfor selskapet sitt primære verktøy for å skape betringar innan trafikktryggleik, bærekraft, kostnadsoptimalisering og innovasjon.
Selskapet gjennomførte nyleg ein kontraheringsprosess for drift- og vedlikehaldstenester for heile selskapet si driftsportefølje, utanom Trøndelag. Varigheita er fem år, med opsjon om forlenging i inntil tre år. Totalverdien av tenestene i denne 5+3-perioden er estimert til ca. 1,6 mrd. Ein tilsvarande prosess går no, for strekningane i Trøndelag.
I samband med kontraheringa som er utført, har Nye Veier samla erfaringane frå førre kontraktsperiode. Sjølve kontraktane si innretting er i stor grad den same, med målpris, orientering mot tilstandsbasert vedlikehald og ein modell for risikofordeling som hindrar «overprising» av risiko som driftsentreprenørane ikkje kan føresei eller styre. Selskapet vidarefører også tilnærminga til digital samhandling i kontraktsrelasjonen, sida dette gir meir effektiv datadeling, smartare planlegging, riktige prioriteringar og et betre utgangspunkt for gode læringssløyfer.
Basert på tidlegare erfaringar blir det også gjort endringar. Etableringa av to geografiske del-porteføljer vil i seg sjølv bidra til at også mindre tilbydarar får betre moglegheit til å delta i konkurransen. Tenestekjøpet er videre fagleg oppdelt i ytingar for vegdrift og elektro, og den ovannemnte totalverdien på 1,6 mrd. er summen av desse. Dette senker terskelen for mindre og meir spesialiserte tilbydarar ytterlegere. Basert på kontraheringsdialogen og vilkåra i inngåtte kontraktar, kan Nye Veier dokumentere at kontraheringa har ført til sterk konkurranse og vesentleg reduserte kostnader.
For å sikre at leverandørane har tilgang på riktig kompetanse og nødvendige ressursar til å takle svingingar over tid og gjennom sesongar, må kvart enkelt kontraktsforhald ha eit visst omfang. For Nye Veier er denne typen vurderingar ein del av kjerneverksemda, og selskapet gjer justeringar for å finne riktig balanse mellom ulike omsyn.