Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1468 (2025-2026)
Innlevert: 05.02.2026
Sendt: 05.02.2026
Besvart: 11.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over auken og endringane i kollektivkontraktene, frå konvensjonelt drivstoff til nå nullutslipp, satt opp og synelggjort for heile landet, synleggjort ved samtlige kollektivkontrakter som er inngått?
Regjeringa med støtte frå resten av "tuttifruttpartia" har vedteke at alle offentleg transport med bil, varebil, buss og ferjer skal vere nullutslipp frå og med 1/1-2025.
Vi høyrer frå fylket etter fylke at busskontraktene har foke til himmels økonomisk der det mangler milliardbeløp samla sett landet over for å kompensere kostnadsauken i kontraktene for kjøp av Kinesiske el-bussar.
Den kraftige kostnadsauken har medført at fylkeskommunane på saldere desse kostnadane frå andre driftsområder, der pålegga om nullutslippsbussar ikkje blir kompensert i øverføringane frå staten.
I tillegg til dette er området sjølvsagt også råka av den generelle kraftige prisveksten, som ikkje akkurat gjer situasjonen lettare.

Jon-Ivar Nygård: Eg har ikkje oversikt over samtlege kontraktar i kollektivtransporten. Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for den fylkeskommunale kollektivtransporten. Eg vil vise til Kollektivtrafikkforeininga. Dei utarbeider løpande oversikter over kontraktane i kollektivtransporten, herunder oversikt over bruk av teknologi.