Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1542 (2025-2026)

Innlevert: 10.02.2026
Sendt: 10.02.2026
Besvart: 18.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren gjort noko for å sørge for vinteråpne toalettforholda på strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta?

Begrunnelse

I tidligare spørsmål har eg tatt opp med samferdselsministeren forholdet ikring manglande vinteråpne rasteplassar med toalett på strekninga rv. 15 frå Stryn over Strynefjellet og til Otta.

Det er store problem for dei reisande og næringslivet spesielt når bensinstasjoner eller andre som har mulige toalett tilbod er stengt om kveld/natt og ellers også generelt vinterstengt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: På strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta har Statens vegvesen sidan førre spørsmål til skriftlig besvarelse om temaet (dokument nr. 15:427 (2024-2025)) vidareført dei etablerte løysingane for å sikre tilgang til toalett for trafikantane gjennom heile året. Det føreligg per no ikkje nye tiltak eller endringar i desse tilboda.
Vest for Strynefjellet har Statens vegvesen ein avtale med Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter om drift av toalett i Oppstryn. Toaletta er tilgjengelege for publikum heile døgnet i perioden 1. mai–30. september, som er perioden med størst trafikk.
Vidare har Statens vegvesen gitt tilskot til bygginga av toalett ved Grotli Høgfjellshotell og betaler årleg for drift av anlegget. Dette toalettet er ope heile året, døgnopent.
I Vågå sentrum har Statens vegvesen ein avtale med YX Vågå som omfattar toalettfasilitetar. Tilbodet er døgnopent gjennom heile året. Det same gjeld rasteplassen om lag 10 kilometer sør for Vågå sentrum, som Statens vegvesen driftar sjølv, og som òg er open heile døgnet heile året.
I tillegg etablerte Statens vegvesen i 2023 eit nytt toalettbygg ved Billingen nord i Skjåk. Dette er plassert ved bommen som vert nytta ved stenging og kolonnekøyring, og er eit heilårstilbod. Dette anlegget er framleis i drift og fungerer som planlagt.
Når det gjeld tilgjenge til oppdatert informasjon for trafikantane, har Statens vegvesen i 2025 oppgradert Vegvesen Trafikk appen med ei ny funksjon som viser om toalettanlegg på rasteplassar er vinterstengde eller vinteropne. Dette er ei nasjonal teneste og ikkje særskilt retta mot rv. 15, men den gjer det enklare for trafikantane å orientere seg om tilbodet.
Eg kan slå fast at dei eksisterande heilårstilboda på rv. 15 framleis er i drift, men har ikkje kome nye toalettløysingar eller vore endringar i driftsavtalane sidan førre oppdatering.