Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1621 (2025-2026)
Innlevert: 10.02.2026
Sendt: 16.02.2026
Besvart: 23.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva planar Statens vegvesen har for døgnkvileplassar på dei to omtalte strekningane?
Ifølge oversikt til Statens vegvesen er der ingen døgnkvileplassar på strekninga E-136 frå Ålesund til Dombås og på strekninga E-39 frå Sjøholt til Trondheim.

Jon-Ivar Nygård: I tråd med regjeringa sine prioriteringar i Nasjonal transportplan 2025–2036 arbeider Statens vegvesen med å utvikle eit godt døgnkviletilbod og minst 80 døgnkvileplassar langs riksvegnettet innan 2030.
Statens vegvesen si gjennomføringsplan 2025–2030 er ei konkretisering av korleis etaten vil følgje opp NTP i den første seksårsperioden. Gjennomføringsplanen følgjer opp dei transportpolitiske måla og er basert på dei økonomiske rammene som ligg til grunn for NTP. Planen er offentleg: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/nasjonal-transportplan/gjennomforingsplan-20252030/
På E39 Sjøholt–Trondheim er det i gjennomføringsplanen lagt opp til to nye døgnkvileplassar på strekninga, ved Molde og ved Stormyra i Heim kommune. Det går føre seg arbeid for å sikre vidare døgnkviletilbod ved Klett på E6/E39 i Trondheim. Det er òg oppstillingsplassar for tunge køyretøy med heilårsopent servicetilbod på to rasteplassar langs strekninga.
På E136 Ålesund–Dombås er det døgnkvileplass ved Digernes næringspark på E39 i Ålesund kommune. Det finst oppstillingsplassar for tunge køyretøy med heilårsopent servicetilbod på Ørskogfjellet i Vestnes kommune, Trollveggen i Rauma kommune og Lora i Lesja kommune, samt døgnkvileplass på Bekkemoen på E6 sør for Dombås.
Eg er kjend med at moglegheitene for døgnkvileplass både ved Åndalsnes på E136 og ved Dombås på E6/E136 er nemnde i dialog mellom Statens vegvesen og Nye Veier. Nye Veier tek over ansvaret for drift og vedlikehald av strekninga E136 Vestnes–Dombås frå hausten 2028.