Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1583 (2025-2026)

Innlevert: 13.02.2026
Sendt: 13.02.2026
Besvart: 20.02.2026 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden legge fram interne ventelister ved alle norske sjukehus, og gjere desse listane offentlege?

Begrunnelse

I ein artikkel i Bergens Tidende 12. februar i år kan vi lese om avdekte interne ventetider i Helse Bergen. Pasientar som ventar på behandling, blir plasserte på venteliste i sjukehus.
Lista registrerer tal dagar frå tilvising frå fastlege til sjukehuset. Når pasienten har vore på første konsultasjon på sjukehuset, blir ikkje ventetida lenger registrert i offentleg tilgjengeleg statistikk, men ein blir plassert på ei intern, ikkje offentleg venteliste.
Helse Bergen har innført eit nytt operasjonsplanleggingssystem som viser at nærare 11 000 pasientar står på venteliste til operasjon i starten av februar i år. Over 2000 pasientar har alt venta i over eitt år, og fire av ti har venta lenger enn fristen kirurgane har sett. Gjennomsnittleg ventetid er 239 dagar. Ventetida på operasjon for pasientar i Helse Bergen har auka sidan 2019.
Artikkelen omtalar ei kvinne som har venta på operasjon i over to år, og som lever med store smerter og stor fortviling over å ikkje få den operasjonen ho treng. Og det er dette slike saker handlar om – pasientar med smerter som ikkje får den behandlinga dei treng raskt nok.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: