Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1664 (2025-2026)

Innlevert: 19.02.2026
Sendt: 20.02.2026
Besvart: 27.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden bidra til at Hagelsundbrua i Alver kommune kan få fysiske sikringstiltak slik at brua ikkje blir brukt til sjølvmordsforsøk, og i tilfelle når kan dette blir gjennomført?

Begrunnelse

Sjølvmord er eit vanskeleg å snakke om for mange, og vi har i dag ein nullvisjon mot sjølvmord.. Tiltak på samferdselsfeltet er viktige for å førebyggje sjølvmord. Fysiske sikringstiltak kan redde liv. Dette er godt dokumentert TIl dømes har sikring av Askøybrua i 2017 ført til ein markert nedgang i sjølvmordsforsøk frå denne brua. I Nordhordland er det no uro for at Hageslundbrua ikkje er sikra. Eg har forstått det slik at det allereie finst ferdige planar for sikring av Hagelsundbrua, inkludert sikringsgjerde, men at det stoppar opp på grunn av manglande finansiering. Det er stor grunn til å få fortgang i sikring av denne brua.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Årsakene til sjølvmord og sjølvmordsforsøk er samansette og knytte til ulike livssituasjonar. Sjølvmordsførebygging er eit felles ansvar som krev innsats på fleire område.
I samferdselssektoren er ulike sikringstiltak særleg viktige for å hindre impulsive handlingar. Tiltak som avgrensar tilgangen til potensielle metodar kan utsetje ein akutt sjølvmordsimpuls og gi tid til livreddande hjelp. Å redusere tilgangen til metodar er godt dokumentert som eit effektivt førebyggjande tiltak.
Samtidig er det ei utfordring at det ikkje alltid finst gode og effektive løysingar som fungerer likt på alle stadar. Ulike stadar har ulike fysiske, tekniske og praktiske føresetnader, noko som gjer at sikringstiltak må vurderast og tilpassast lokalt.
Statens vegvesen har gjennom mange år vore klar over at bruer blir brukte til sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Med bakgrunn i dette er det gjennomført sikringstiltak på bynære høgbruer for å forebygge sjølvmord.
I 2020 la regjeringa fram «Handlingsplan for forebygging av selvmord 2020-2025 – Ingen å miste». Regjeringa har seinare slått fast at denne planen skal forlengjast, og at han blir følgd opp vidare fram til ein ny og meir målretta handlingsplan blir lagt fram.
I handlingsplanen blir sikring av høgbruer framheva som eit viktig tiltak. Statens vegvesen gjennomførte ei kartlegging for å identifisere bruer der slike sikringstiltak kunne være aktuelle, og E39 Gamle Hagelsundbrua er ei av desse. I samband med arbeid på aktuelle bruer skal Statens vegvesen òg vurdere om det er aktuelt med tiltak som kan førebyggje sjølvmord.
Det finst førebels ingen ferdige planar for sikringstiltak på Hagelsundbrua, men det er utarbeidd eit forprosjekt som har kartlagt moglegheiter for å etablere ei eiga gangbane, og i den samanhengen også vurdert sjølvmordssikring med forhøya rekkverk. Forprosjektet har verifisert at det er fysisk mogeleg å byggje ei ny gangbane på brua, og det er gjort eit grovt kostnadsoverslag.
Statens vegvesen vil vurdere prosjektet innanfor sine årlege budsjett- og fullmaktsrammer.