Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1778 (2025-2026)

Innlevert: 27.02.2026
Sendt: 02.03.2026
Besvart: 09.03.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Kor stor marknadsandel har VY Buss i den norske bussmarkanden (både anbodsruter og kommersielle ruter)?

Begrunnelse

Det statlege selskapet VY Buss tar stadig over mindre lokale busselskap og etablerer seg på nye strekningar. Det er ønske om ei oversikt som syner kor stor markandsandel selskapet har på busstransport. Både kor mange og kor stor andel av anbod som vert køyrt av selskapet, men også kor stor andel av den kommersielle busskøyringa som vert operert av selskapet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Mitt svar er basert på opplysningar eg har innhenta frå Vy. Vy opplyser at det er om lag 110 anbodskontraktar i Noreg, og at Vy Buss driv 39 av desse kontraktane. Dette utgjer ein marknadsdel på om lag 36 prosent. Målt i tal bussar og rutekilometer, er marknadsdelen til Vy Buss om lag den same. Vy Buss har ein større del distriktskontraktar som har lågare omsetnad per buss samanlikna med bykontraktar. Marknadsdelen målt i omsetnad vil difor vere lågare og nærare 30 prosent. Andre store aktørar i marknaden er dei nordiske busskonserna Connect Bus, Nobina og Tide, samt selskapa Boreal og Unibuss. Fleire av desse selskapa er, ifølje Vy, eigde av internasjonale investeringsfond.
Det er mindre offentleg tilgjengeleg informasjon om den kommersielle bussmarknaden. Kommersiell busstransport omfattar kommersielle bussar i fast rute, avvikskøyring og turkøyring. Vy viser til at dei fleste selskapa i anbodsmarknaden har òg kommersiell verksemd, som Tide Horisont, Boreal Travel, Nobina, Unibuss Ekspress og Flybussen Connect. Videre har Flixbus sidan 2024 fått ein solid posisjon innan ekspressbuss. Basert på omsetnad er Vy Buss sin estimerte marknadsdel i underkant av 20 prosent i den kommersielle bussmarknaden i Noreg. Dei største aktørane i kommersiell rutekøyring er Flixbus, NOR-WAY Bussekspress og Vy Buss.