Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2004 (2025-2026)

Innlevert: 06.03.2026
Sendt: 16.03.2026
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan helse og omsorgsministeren forklare om ministeren stiller seg bak slik pengebruk i eit økonomisk kriseramma Helse Møre og Romsdal, og vil ministeren akseptere at slikt som dette som omlag omfattast som pengesløseri, kan gjennomførast utan konsekvensar av leiinga i helseføretaket?

Begrunnelse

Den økonomiske situasjonen i helse Møre og Romsdal er i krise, mildt sagt. Dette er noko statsråden er klar over, utan at dette ser ut til å gjere noko som helst inntrykk. No har leiinga i helseforetaket prestert å gjennomføre ei leiarsamling den 11 og 12 mars til den nette sum av 600 000 kr, som no 5 tillitsvalgte frå overlegeforeninga reagerar sterkt på og sendt brev til leiinga og stilt spørsmål om den økonomiske prioriteringa bak arrangementet.
Dei fem tillitsvalgte viser til at administrasjonen i helseforetaket sjølve har omtalt budsjettåret som det mest krevjande i føretaket si historie med behov for betydelige kostnadsreduksjonar, og at det er varsla reduksjonar tilsvarande ein halv milliard kr.
Dei tillitsvalgte viser vidare til at lønnskostnadane skal ned gjennom mellom anna stillingsreduksjonar, endringar i vaktordningar og redusert innleige.
Likevel prioriterar altså direktøren i Helse Møre og Romsdal heller å reise på hotell i to dagar, med 193 stk, reservere 197 rom til ein sum til angjeveleg 600 000 kr, i eit program som dei tillitsvalgte meiner lett kunne ha vore gjennomført på eit dagsprogram til sjølvsagt heilt andre kostnadar.
Det heile verkar svært umusikalsk sett opp mot at tilsette vil kunne miste jobbane sin, kraftige kutt i drifta generelt som svekkar sjukehusdrifta.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig