Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1985 (2025-2026)

Innlevert: 13.03.2026
Sendt: 16.03.2026
Besvart: 20.03.2026 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Kva vil statsråden gjere for å sikre ein samanhengande, forpliktande og kunnskapsbasert plan for vern og forvaltning av norsk kystlinje og fjordhelse, i lys av at Noreg i dag har ein svært låg del verna marine område og manglar ein heilskapleg vedteken marin verneplan?

Begrunnelse

Noreg forvaltar nokre av verdas mest verdifulle og produktive kyst- og fjordområde, men vernegraden er framleis låg samanlikna med internasjonale mål og våre nordiske naboland. Berre ein liten del av kystområda er formelt verna, og når ein inkluderer sjøområda i økonomisk sone, er delen endå lågare. Dette står i kontrast til internasjonale forpliktingar om å sikre eit representativt og samanhengande vern av marine økosystem.

Samtidig manglar Noreg ein samla og oppdatert marin verneplan. Forslag til marin verneplan har vore utgreidd tidlegare, men er ikkje fullt ut vedtekne og gjennomførte. Forvaltninga av kyst og fjordar framstår fragmentert, med delt ansvar mellom stat, fylke og kommune. Kommunal dispensasjonspraksis i strandsona er omfattande, og regionale vassforvaltningsplanar har avgrensa rettsleg gjennomslagskraft når dei kjem i konflikt med andre arealinteresser.

Fjordhelse og kystøkosystem er under press frå mellom anna arealinngrep, forureining og ulike næringsaktivitetar. Eit svakt og usamanhengande planverk, kombinert med mangelfullt kunnskapsgrunnlag i enkelte saker, kan bidra til bit-for-bit-nedbygging og svekt økologisk tilstand.

På denne bakgrunnen er det behov for å få klargjort om regjeringa vil ta initiativ til ein meir heilskapleg og forpliktande politikk for vern og langsiktig forvaltning av norsk kystlinje og fjordhelse.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Noreg har slutta seg til det globale målet i naturavtalen om å bevare minst 30 prosent av verda sine havområde innan 2030, gjennom vern og «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak» (OECM). Vi har òg slutta oss til tilsvarande mål gjennom mellom anna Havpanelet og OSPAR-konvensjonen, som gjeld for det nordaustlege Atlanterhav.
Å opprette nye verneområde som effektivt tek vare på marin natur er ei viktig prioritering for regjeringa. Vi arbeider i samband med dette med å fullføre marin verneplan frå 2004, som peikar ut 36 kandidatområde for vern av hovudsakleg meir kystnære område. I februar oppretta vi fire nye marine verneområde i fylka Vestland og Trøndelag, og 23 av områda i planen er no verna. Verneprosess har starta for alle områda i planen, med unntak av to område som ligg utanfor territorialfarvatnet.
Havvernlova trådde i kraft 1. januar 2026 og gir oss heimel til å verne område utanfor territorialfarvatnet. Dette har hittil ikkje vore mogleg, og lova er difor eit viktig verkemiddel for å kunne verne område med viktig natur i alle havområda Noreg har ansvar for å forvalte.
Vidare har Miljødirektoratet fått i oppdrag å innhente eit miljøfagleg kunnskapsgrunnlag som har som føremål å identifisere nye kandidatområde for vern, med hovudvekt på område utanfor territorialfarvatnet. I samband med dette har det blitt oppretta eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskningsinstituttet (leiar), Nord Universitet, NIVA, NINA og SALT. Arbeidet er godt i gang, og sluttrapport skal leverast i desember 2026.
Det går òg føre seg ein prosess for å avklare kva område til havs som kan anerkjennast som bevart gjennom «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak» (OECM). I Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur — Norsk handlingsplan for naturmangfold vart det varsla at regjeringa vil komme tilbake med et nasjonalt mål for bevaring av havareala når denne prosessen er fullført. Regjeringa legg vekt på å bidra til oppfølginga av det globale målet i naturavtalen, og vi vil komme tilbake med ein plan for korleis målet kan nåast.