Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1993 (2025-2026)

Innlevert: 15.03.2026
Sendt: 16.03.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Kven har fatta avgjerda om å avvikla alle døgnplassane ved DPS Tynset, er saka behandla og vedtatt i styret i helseføretaket, og meiner statsråden det er forsvarleg å gjennomføra nedlegginga frå 1. april 2026 når nytt behandlingstilbod ikkje er avklart og pasientar frå fleire kommunar vil få vesentleg lengre reiseveg til døgnbehandling?

Begrunnelse

Det er varsla nedlegging av alle døgnplassane ved DPS Tynset frå 1. april 2026. Tilbodet har dekt behovet for fleire kommunar i Nord-Østerdal med til saman om lag 20 000–25 000 innbyggarar. For mange vil alternativ døgnbehandling innebera fleire timars reiseveg kvar veg. Når psykisk sjukdom råkar, kan lange avstandar til behandling bli ei stor ekstra belastning både for pasientar og pårørande.

Reaksjonane lokalt har vore sterke. Kommunar, tilsette, pasientar og pårørande har gitt uttrykk for uro og oppleving av manglande føreseielegheit i prosessen. Fleire stiller spørsmål ved at eit så sentralt tilbod kan bli avvikla med kort frist utan at det er klart kva som skal koma i staden. Dette skapar usikkerheit om både tryggleik, kontinuitet og kapasitet i tenesta vidare.

Døgnenheten ved DPS Tynset har i dag om lag fem plassar og har over tid behandla eit betydeleg tal pasientar frå regionen. Nedlegginga rammar også dei tilsette og eit etablert fagmiljø innan psykisk helsevern i distrikta. Når eit slikt tilbod for fleire kommunar blir teke bort før nytt tilbod er avklart, er det behov for ei tydeleg klargjering av ansvar, prosess og korleis pasientane skal sikrast eit forsvarleg og tilgjengeleg behandlingstilbod vidare.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig