Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1994 (2025-2026)

Innlevert: 15.03.2026
Sendt: 16.03.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Kan statsråden gjera greie for om kapasitet, tilgang på utstyr eller mangel på fagfolk innan CT (bildediagnostikk) kan påverka oppfølginga av kreftpasientar, og kva som blir gjort for å sikra at pasientar får like god tilgang til nødvendige undersøkingar og kontrollar uansett kvar i landet dei bur?

Begrunnelse

For mange som har hatt kreft, kan det vera heilt avgjerande at tilbakefall eller spreiing blir oppdaga tidleg. Etter behandling lever mange med uro for at sjukdomen kan koma tilbake. Då er det viktig å vita at oppfølginga er god og lik, uansett kvar ein bur.

Samtidig kjem det innspel om at oppfølging og bruk av undersøkingar som CT og andre skanningar kan opplevast ulik frå stad til stad. Dette reiser spørsmål om kapasitet, tilgang på utstyr, mangel på fagfolk eller prioriteringsreglar kan påverka kva oppfølging pasientar får. Behovet for slike undersøkingar har auka mykje dei siste åra, og fleire sjukehus melder om press på både folk og utstyr.

Dersom slike forhold fører til ulik praksis eller lengre ventetid, kan det skapa uro hos pasientar og pårørande og svekka tilliten til helsetenesta. I eit offentleg helsevesen må det vera medisinske behov som avgjer kva oppfølging og undersøkingar pasientar får.

Det er derfor viktig å få klarlagt om kapasitet og ressursar kan påverka oppfølginga av kreftpasientar, og kva som blir gjort for å sikra likeverdig oppfølging uansett kvar i landet ein bur.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig