Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2025 (2025-2026)

Innlevert: 16.03.2026
Sendt: 17.03.2026
Til behandling

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kva konkrete oppfølging har statsråden hatt mot underliggjande etatar, gjennom tildelingsbrev eller andre styringssignal, for å sikre utviklinga av eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag for havbrukets miljøpåverknad, herunder næringa si faktiske og relative påverknad på den norske villaksbestanden, jf. oppmodingsvedtak 1041 i havbruksforliket?

Begrunnelse

I Meld. St. 24 (2022–2023) *Framtidas havbruk – berekraftig vekst og mat til verda* omtalar regjeringa påverknaden frå lakselus på villaks. Målet er å ivareta dyrevelferd, omsynet til villaksen og vidare vekst i oppdrettsnæringa.
Næringskomiteen har i si handsaming av meldinga understreka at framtidig regulering skal vere kunnskapsbasert og byggje på faktisk miljøpåverknad. Vidare fatta Stortinget oppmodingsvedtak 1041, der regjeringa blir beden om å sørgje for eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag om havbrukets miljøpåverknad, herunder næringa si faktiske og relative påverknad på villaksen. Eit viktig premiss i vedtaket er at arbeidet skal sikre brei deltaking frå forskarar og fagfolk, samt openheit om metodar og modellar.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig