Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2199 (2025-2026)
Innlevert: 17.03.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 22.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei grundig og detaljert synleggjering av pengebruken på planlegging av ferjefri E-39 i Møre og Romsdal dei 12 siste åra, fordelt pr prosjekt, synleggjort i detalj som syner i realiteten kva pengane har gått til, ikkje i større "sekkepostar" men i detalj?
I ein artikkel i SMP har det kome fram at det til ferjefri E-39 i Møre og Romsdal er forbrukt dei 12 siste åra ca 1,6 milliard kr til planlegging.
Totalt dei siste 12 åra har der blitt brukt 1,9 milliard kr, med andre ord har ferjefri E-39 i Møre og Romsdal køyrt mange torpedoar inn i sida på alt av andre viktige vegstrekningar, der folket har blitt hardt skadd og mista livet i trafikken, medan pengane til planlegging har gått til sløseriprosjekt som aldri vert bygd slik som Møreaksen.
Korleis er dette mulig at det til dømes til vindmålingar på HAFAST er forbrukt 620 million kr, som blir nevnt av representant frå Statens vegvesen i intervjuet i SMP, til vindmåling.
Det er nødvendig at alle fakta kjem på bordet i denne saka, og korleis det har vore mogeleg å brukt så vanvittig mykje pengar på desse prosjekta.
Eg er klar over at desse løyvingane har kome over lang tid frå ulike regjeringar, men detaljar om denne pengebruken til Statens vegvesen region midt må leggjast fram detaljert til offentligheta, då grunnlaget for dei årlige løyvingane i dei ulike satsbudsjetta er gjennomført med grunnla i statens vegvesen sine handlingsprogram etter gjeldande NTP er behandla i Stortinget.
Eg har sjølvsagt lagt merke til at dette har i lang tid vore ein "villa" politikk frå Statens vegvesen sjølv, der til dømes den såkalla faglege tilrådinga før siste NTP vart lagt fram frå statens vegvesen i Møre og Romsdal. Der la utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen fram dette, der til dømes eksportvegen E-39/136 frå Ålesund til Vestnes, den mest traffikkerte og mest ulykkesutsatte delen av eksportvegen frå Ålesund til Bjorli, vart anbefalt fjerna heilt ut av NTP sin 12 års periode, noko regjeringa følgte opp. Likeså vart E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa, regionens og ein av landets verste ulykkesutsatte vegstrekning og den mest trafikkerte vegstrekninga mellom Bergen og Trondheim, også "fagleg" tatt heilt ut av NTP.
Men, Møreaksen ville Statens vegvesen ha, heilt i tråd med det dei sjølvsagt også dei 10-12 siste åra har hatt som mantra og har ivra for.
Heldigvis fjerna samferdselsministeren Møreaksen heilt ut av NTP sin 12 års periode, dette har eg gjeve statsråden ros for.
Eg forventar eit grundig svar noko anna blir ikkje akseptert då eg i ein del andre spørsmål ikkje er imponert over svara, alltid.

Jon-Ivar Nygård: