Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren

Dokument nr. 15:2075 (2025-2026)

Innlevert: 20.03.2026
Sendt: 20.03.2026
Besvart: 30.03.2026 av energiminister Terje Aasland

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Det norske CO₂-lageret, Northern Lights, er dimensjonert for stordrift, samtidig som mange norske utsleppskjelder har små og mellomstore volum og ligg spreidd langs kysten.
Meiner statsråden at dagens modell ivaretar behova til norske industriaktørar, kva for konkrete tiltak vil regjeringa setta i verk for å sikra transport- og lagringsløysingar også for desse, og kva for kostnadsanslag legg regjeringa til grunn for arbeidet med å utvikla infrastruktur for små og mellomstore industriaktørar?

Begrunnelse

Skal me ha ein konkurransedyktig industri i heile landet må industrien på sikt bli utsleppsfri. Derfor må me kutta utslepp frå industri i heile landet, frå mindre og mellomstore utslepp fra industri og avfallshandtering. Sjølv om kvar enkelt aktør har lågare volum enn dei aller største punktutsleppa, er dei samla utsleppa store i norsk samanheng.
Det norske CO₂-lageret, Northern Lights, er dimensjonert for stordrift. Samtidig er mange utsleppskjelder spreidd langs kysten og har mindre volum. For desse kan behovet for eigne kaier, eigne skip og særskilt losseutstyr gi høge kostnader for transport og lagring, og dette er kostnader den enkelte aktøren vanskeleg kan bera åleine. Risikoen er at viktige utsleppskutt ikkje blir gjennomført fordi systemet i praksis er tilpassa dei største aktørane, ofte frå andre europeiske land. For å kunna vurdera om dagens politikk er tilstrekkeleg, er det nødvendig med større openheit om kva for kostnadsanslag regjeringa legg til grunn for transport og lagring per tonn CO₂ frå små og mellomstore utsleppskjelder, og kva for grep som blir planlagt for å redusera desse kostnadene over tid.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Northern Lights er del av Langskip som utgjer den første komplette verdikjeda for fangst, transport og permanent lagring av CO₂ i industriell skala i Europa. Prosjektet vart sett i drift sommaren 2025 og omfattar CO₂ fangst ved Heidelberg Materials sin sementfabrikk i Brevik og det planlagde anlegget ved Hafslund Celsio sitt energigjenvinningsanlegg i Oslo. CO₂ vert frakta med skip til mottaksterminalen i Øygarden og lagra under havbotnen i lageret til Northern Lights.
I juni 2025 godkjende Energidepartementet fase 2 av Northern Lights, som aukar lagringskapasiteten frå 1,5 til minst 5 millionar tonn CO₂ per år. Investeringa på 7,5 mrd. kroner vert gjennomført på kommersielt grunnlag, med støtte frå EU. Northern Lights inngår sjølv kommersielle avtalar med utslepparar, både i Noreg og andre europeiske land. Føretaket har òg starta mottak av småskala CO₂.
Regjeringa har sett på behovet for støtteordningar og tiltak som kan medverke til å realisere norske CO₂-handteringsprosjekt, mellom anna i industrien og i avfallshandtering. I 2024 fekk Gassnova, Enova, Miljødirektoratet og Siva i oppdrag å greie ut konkrete verkemiddel for CO₂ handtering, inkludert for fellesløysingar og mogleg infrastruktur mellom anna i regionale industriklynger.
Regjeringa har følgd opp utgreiinga m.a. gjennom omtalen i Prop. 1 S (2025–2026) der regjeringa varslar at vi tek sikte på å leggje fram forslag i statsbudsjettet for 2027 om ei ordning med faste tilskot per tonn CO₂ for negative utslepp. Vidare arbeidar Enova med å følgje opp semja frå budsjettforhandlingane, der 700 mill. kroner vart øyremerka ei utlysing som skal utløyse reduksjonar av blanda og biogene utslepp frå industri og avfallshandtering. Enova vurderer òg å opprette eit verkemiddel som tek ned barrierar mellom fangstleddet og lagringsleddet.
Regjeringa har ikkje konkrete kostnadsanslag for å utvikla infrastruktur for små og mellomstore industriaktørar.