Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2211 (2025-2026)
Innlevert: 01.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta opp med Helse Vest RHF at alle lokalsjukehus må røngtenlegar til stades, for å oppretthalde breddekompetansen og ikkje svekke beredskapen, og sikre rett diagnostisering på lågast mogleg nivå?
Stord sjukehus vil etter påske ikkje lenger ha røntgenlege til stades. Dette kom som ei stor overrasking for legane ved sjukehuset og fastlegegruppa i Sunnhordland ( Lesarbrev, Sunnhordland 1.april 2026). I følgje legar ved medisinsk og kirurgisk/ortpoedisk avdeling/avdeling for anestesi, vil dette bety uforsvarlege kutt i tenestene, og som fører til eit svekt tilbod til lokalbefolkninga i Sunnhordland.
Stord sjukehus har sidan starten av 2000- talet hatt røntgenlegar frå univsitetssjukehus i Sverige som har jobba i ein stafekk med døgnvakt samamhengane 7 dagar i strekk. Dei har granska/ besvart 20-30 prosent av alle bileta som er tekne i Helse Fonna. Røntgenlegen er ein viktig del av det faglege teamet også ved akutte situasjonar.
No har røntgenlegane sagt opp fordi dei ikjkje får avlastning på dagid av LIS- lege. Avgjersla var fatta utan at det var utgreia konsekvensar eller involvering av fagmiljøet ved Stord sjukehus. Legane er no spesielt bekymra for tilgongen til ultralyd ved akutte situasjonar, som ved traumer, mistanke om blodpropp, blodforgifting med utgangspunkt i urinvegar, born og unge med akutte magesmerter eller mistanke om akutt nyresvikt m.m.
Helseføretaket har kommen med avbøtande tiltak ved at det vil vere røntgenlege til stades på Stord sjukehus på dagtid, to dagar i veka. Dette er sjølvsagt ikkje tiltstrekkeleg.
I Nasjonal helse- og samhandlingsplan er det eit hovudmål at helse- og omsorgstenestene skal vere attraktive arbeidsplassar , med fokus på kompetanseheving og godt leiarskap. I planen står det også at eit mål er å få rett hjelp på rett stad. I planen står det vidare at det er eit mål å sikre tilgang til kompetanse og sørge for at høgspesialisert personell brukar meir av si tid på pasientbehandling. Denne saka er såleis i strid med sentrale føringar i Nasjonal helse- og samhandlingsplan og grunn til at statsråden bør engasjere seg i saka.
Svaret er ennå ikke tilgjengelig