Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2275 (2025-2026)

Innlevert: 03.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 13.04.2026 av arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kan statsråden gje ei oversikt over fordeling av nye VTA-plassane i 2026 fordelt fylkesvis og mellom VTA og VTO, samt kor mange av dei som har fått tildelt plass som har ei utviklingshemming?

Begrunnelse

Det er i 2026 sett av midlar til omlag 700 nye VTA-plassar. Det er interessant å vite kor mange plassar som er fordelt så langt. Etter kva eg forstår er plassane fordelt mellom dei to tiltakstypane VTA og VTO. Fordelinga mellom desse, samt korleis dei fordeler seg utover landet gir eit bilde av korleis NAV i dei ulike delane av landet prioriterer. I tildelingsbrevet frå departementet til Nav står det at personar med utviklingshemming er ei prioritert gruppe ved inntak til tiltaket varig tilrettelagt arbeid (VTA). Det er interessant å få kartlagt kor stor andel av dei som har fått en plass i kvar av de to tiltakstypane, har ei utviklingshemming.

Kjersti Stenseng (A)

Svar

Kjersti Stenseng: For å kunne gje Stortinget oversikt over fordelinga av VTA-plassar har eg bestilt tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Disse er samla i vedlegget.

I mars 2026 var det om lag 14 320 plassar i VTA. For landet samla var noko over 10 000 (70 pst.) VTA-deltakarar tilset i ei førehandsgodkjent verksemd (VTA-F) og noko under 4300 (30 pst.) i ei ordinær verksemd (VTA-O). Ansvaret for fordelinga av plassar mellom VTA-F og VTA-O ligg hos fylkesleddet i Nav, som er i dialog med lokalkontora. Fordelinga varierer betydeleg mellom fylka. Til dømes er noko under 41 pst. av VTA-deltakarane i Trøndelag i ei ordinær verksemd. Tilsvarande var den same andelen 22 pst. i Troms og Finnmark (sjå tabell 1).

I statsbudsjettet for 2026 er det lagt til rette for om lag 700 nye plassar i VTA. Hittil i år har det vore ei auke frå januar til mars på 129 nye tiltaksplassar. 86 plassar er innvilga hos førehandsgodkjende verksemder, medan 42 plassar er hos ordinære verksemder (sjå tabell 2). Sidan det framleis er tidleg i året og mange plassar ikkje er etablert ennå, har eg og valt å legge ved ei fylkesvis oversikt over Arbeids- og velferdsdirektoratets fordeling av tiltaksmidlar til VTA (sjå tabell 3). Det er midlane som vært fordelt til fylke, ikkje plassar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår at rundt årsskiftet var om lag 3 660 eller 37 pst. av deltakarane i VTA i førehandsgodkjent verksemd personar med utviklingshemming Tilsvarande hadde 992 eller 23 pst. av deltakarane i VTA i ordinær verksemd, utviklingshemming (sjå tabell 4).

Direktoratet legg til at det kan vere ei underrapportering av brukarar med utviklingshemming i statistikken. Ein del med utviklingshemming står truleg oppført med ei anna hovuddiagnose. I tillegg er mange VTA-deltakarar (17 pst.) ikkje registrert med nokon diagnose.

Diagnosedata for nye deltakarar i 2026 var ikkje tilgjengeleg.