Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2320 (2025-2026)

Innlevert: 10.04.2026
Sendt: 10.04.2026
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har på oppdrag frå regjeringa laga planar for eit senario om bruk av atomvåpen i eller nær Noreg, det såkalla Senario 7. Rapporten med råd og tiltak vart levert i fjor sommar. DSA seier at det viktigaste er å sikra at folk veit kva dei skal gjera, og at det kan spara veldig mange liv og mykje liding.
Når skal innbyggarane i Noreg få informasjon om kva dei bør gjera i tilfelle ein atomeksplosjon?

Begrunnelse

Eg viser til mitt spørsmål nr. 2753 frå september 2024 om same tema, og nylege saker i NRK. Det er nå mange månader sidan DSA leverte rapporten.

Sjølv om eit senario med bruk av atomvåpen i eller nær Noreg framleis er lite sannsynleg, er det svært viktig at folk har informasjon om kva som vil skje og kva dei bør gjera. Eit stort område rundt sjølve eksplosjonen vil bli ramma, men her vil det framleis vera mogleg å overleva dersom ein kjem seg innandørs i ein solid bygning. Det er også behov for informasjon om korleis ein kan søka hjelp og hjelpa andre.

Atomvåpen-tabuet har blitt svekka dei seinare åra. Enkelte land truar med å bruka atomvåpen, og fleire land vurderer å skaffa seg eller utplassera slike masseøydeleggingsvåpen. Noreg har framleis ikkje signert FNs forbod mot atomvåpen, noko som også bidrar til å svekka tabuet.

Å styrka atomvåpentabuet vil vera det beste bidraget til å hindra at katastrofen skjer igjen. Samtidig må arbeidet med beredskapen styrkast.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig