Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2356 (2025-2026)
Innlevert: 13.04.2026
Sendt: 13.04.2026
Besvart: 20.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP): Hvor stor trafikkvekst anslår staten det vil bli gjennom Etne og Ølen når prosjekta Rogfast og E134 Seljestad - Røldal er ferdig?
Desse to prosjekta medfører at fleire vil kjøre over E134 enn i dag. Eg lurer derfor på kva trafikkvekst staten ser for seg desse to investeringane vil bety.

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har gjennomført trafikkberekningar for prosjekta E39 Rogfast og E134 Røldal-Seljestad. Berekningane er utførte i planleggingsfasen for dei respektive prosjekta, på ulike tidspunkt i planarbeidet, og byggjer difor på ulike modellar og føresetnader. Mellom anna er det i berekningane lagt til grunn at prosjekta opnar for trafikk i 2030, som vil avvike frå faktisk opning. Rogfast er venta å opne for trafikk i 2033, medan Røldal–Seljestad er venta å opne ved årsskiftet 2030-2031. Det er likevel ikkje venta vesentlege endringar i trafikken fram til prosjekta opnar.
Trafikkberekningar for E39 Rogfast viser ein auke i årsdøgntrafikken (ÅDT) på E134 ved Ølen og Etne på om lag 250 køyretøy i det berekna opningsåret 2030. I berekninga for 2050, utan bompengar, er auken i ÅDT om lag 500 køyretøy.
Berekningar for E134 Røldal-Seljestad, der E39 Rogfast ligg inne som ferdig utbygd, viser ein beskjeden auke i ÅDT ved E134 ved Ølen og Etne i det berekna opningsåret 2030 på mindre enn 50. Berekninga for 2060, utan bompengar, viser ein auke i ÅDT på rundt 100.
Til saman kan ferdigbygd Rogfast og Røldal-Seljestad gje ein auke i ÅDT på E134 ved Ølen og Etne på rundt 300-400 køyretøy 2030. I referanseåret 2060, utan bompengar, kan auken i ÅDT bli rundt 600-700.
Eg vil understreke at tala er behefta med betydeleg usikkerheit. Tala som viser auke i ÅDT er henta frå ulike berekningar; dei er gjennomført på ulike tidspunkt, med ulike modellversjonar, som igjen har ulike innebygde føresetnader. Døme på slike føresetnader er anslag for framtidig trafikkvekst og forventa utvikling i folketal. Tala gjer difor berre ein indikasjon på mogleg trafikkutvikling.