Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2370 (2025-2026)
Innlevert: 14.04.2026
Sendt: 14.04.2026
Rette vedkommende: Kultur- og likestillingsministeren
Besvart: 21.04.2026 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Joel Ystebø (KrF): Vil regjeringa ta initiativ til konkrete endringar i innkjøpsordninga og ein meir aktiv omsetjingspolitikk, med mål om å styrkje tilgangen på nynorske barnebøker og ungdomsbøker, særleg serielitteratur, slik at nynorskelevar får eit reelt likeverdig tilbod?
Det er eit nasjonalt mål at born og unge skal lese meir, og tiltak som skulebibliotek og Sommarles har vist kor viktig tilgang på relevant litteratur er for å skape leselyst. Samstundes etterspør mange foreldre og elevar fleire barnebøker på nynorsk, men tilfanget er avgrensa, særleg innan serielitteratur som vi veit at born i stor grad føretrekkjer. Tal frå Sommarles viser at dei mest lesne bøkene i stor grad er del av seriar, medan tilsvarande tilbod på nynorsk er langt svakare.
Dagens innkjøpsordning bidreg til denne skeivheita. Avgrensinga på ei barnebok og ungdomsbok per forfattar per år gjer det vanskeleg å utvikle serielitteratur innanfor ordninga, sjølv om nettopp slike bøker når breitt ut til unge lesarar. For nynorsk litteratur, som i stor grad er avhengig av offentlege verkemiddel for å vere økonomisk berekraftig, får dette særleg store konsekvensar. Erfaringar frå mellom anna lettlesseriar viser at øyremerkte midlar kan fungere, men slike satsingar er i dag unntak heller enn hovudregel.
I tillegg kjem utfordringa med omsetjingar. Berre ein svært liten del av omsette barnebøker og ungdomsbøker vert tilgjengelege på nynorsk, noko som ytterlegare avgrensar tilgangen til aktuell og populær litteratur på elevane sitt eige hovudmål. Når staten samstundes har eit ansvar for å sikre reell jamstelling mellom bokmål og nynorsk, reiser dette spørsmål om verkemiddelbruken i dagens litteraturpolitikk er tilstrekkeleg målretta.
Samla sett kan dette bidra til at nynorskelevar i praksis får eit dårlegare tilbod av bøker for lystlesing, noko som både kan påverke leselyst og språkleg utvikling.

Lubna Boby Jaffery: Språk, litteratur og lesing heng tett saman. Det handlar både om å bli trygg i eige språk og om å møte nye språk og kulturar. Gjennom litteraturen vert språk- og skriftkulturar haldne ved like og utvikla. Norske litteraturpolitiske verkemiddel legg til rette for produksjon, tilgjengeleggjering og formidling av bøker på språk staten har ansvar for, det vil seie bokmål, nynorsk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk.
I regjeringas Plan for Noreg 2025–2029 er eit leseløft ei viktig prioritering. Det handlar om å styrkje lesinga både i skulen og i samfunnet elles. Regjeringa har ein ambisjon om at norske barn skal bli verdas beste lesarar. I 2024 la regjeringa fram leselyststrategien Saman om lesing. Denne har barn og unge som målgruppe og gjeld fram til 2030. Ett av tiltaka i leselyststrategien er å styrkje Kulturrådet sitt arbeid med litteratur på nynorsk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk.
Litteraturordningane til Kulturrådet bidreg til å fremje litteratur på bokmål, nynorsk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk. Kulturdirektoratet forvaltar prosjektmidlar som skal bidra til å styrkje språket og kulturen til dei nasjonale minoritetane. Eit årleg statstilskot til Det Norske Samlaget er eit sentralt tiltak for å sikre barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. I 2026 er tilskotet på 24,9 millionar kroner.
Det er viktig at det vert skapt, gitt ut, gjort tilgjengeleg og formidla litteratur på bokmål, nynorsk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka. Det aller meste av barne- og ungdomslitteraturen som vert gitt ut i Noreg, er på bokmål, medan delen utgivingar på nynorsk har lege på rundt 5 prosent dei siste åra.
Det er viktig at vi har eit breitt tilbod nynorsk litteratur innanfor eit mangfald av sjangrar. Dette er viktig både for dei som har nynorsk som hovudmål og skal bli trygge i språket sitt, og for dei som har nynorsk som sidemål. Delen bøker som vert gjevne ut og omsette til nynorsk, er låg. Eg vil arbeide for å styrkje litteraturordningane til Kulturrådet som bidreg til å fremje litteratur på nynorsk. Samstundes er eg open for å sjå nærare på verkemiddelapparatet vi allereie har, og vurdere om nynorsk litteratur kan fremjast på ein endå betre måte.