Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2506 (2025-2026)

Innlevert: 24.04.2026
Sendt: 24.04.2026
Besvart: 29.04.2026 av forsvarsminister Tore Onshuus Sandvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Korleis vil forsvarsministeren følgje opp uttalen frå Vestland fylkesting, og på kva måte vil regjeringa konkret svare ut kravet om at Vestland vert prioritert i den vidare utbygginga av luftvernkapasitet i Forsvaret?

Begrunnelse

Vestland fylkesting har vedteke ei uttale der dei ber regjeringa og Stortinget om å prioritere etablering av luftvernkapasitet i Vestland. Uttalen er grunngjeven i den skjerpa tryggleikspolitiske situasjonen i Europa, erfaringane frå krigen i Ukraina og den store sårbarheita sivile samfunn har utan tilstrekkeleg vern mot luftangrep og missiltruslar.
Vestland er eit strategisk viktig fylke for Noreg, med Nord‑Europas største marinebase på Haakonsvern, viktige hamner, flyplassar, energianlegg, Noregs einaste raffineri, sentrale transportårer og kritisk infrastruktur av nasjonal og alliert betydning. Fylkestinget peikar på at eit styrkt og desentralisert luftvern i Vestland vil vere avgjerande både for tryggleiken til innbyggjarane, for å sikre kritisk infrastruktur og for Noreg si evne til å ta imot og understøtte allierte forsterkingar i ein krisesituasjon.
På denne bakgrunnen ber Vestland fylkesting om at Vestland vert inkludert og prioritert i den vidare oppbygginga av norsk luftvern.

Tore Onshuus Sandvik (A)

Svar

Tore Onshuus Sandvik: Regjeringa har tilrådd ei ytterlegare styrking av Forsvaret gjennom Prop. 68 S (2025–2026). Satsinga på luftvern frå vedteken langtidsplan blir vidareført i Prop. 68 S (2025–2026), med nokre justeringar. Evna til vern mot lufttruslar på svært kort og kort rekkevidde, inkludert droneforsvar, blir styrka. Mobile lettpansra vogner med kortholdsluftvern er under innfasing i Hæren. Berbart luftvern for vern mot truslar på svært kort rekkevidde er innfasa. Det er skaffa droneforsvarssystem til Ørland og Evenes. Med bakgrunn i erfaringar, frå mellom anna Ukraina, vil regjeringa prioritere tiltak innan autonomi, elektronisk krigføring og droneforsvarssystem. Talet på NASAMS-batteri skal doblast frå fire til åtte med oppstart i 2029, og det skal skaffast ny radar til NASAMS. I tillegg er det inngått kontrakt for to NASAMS-simulatorar som vil styrkje kompetanseproduksjonen. Luftvern med evne til vern mot taktiske ballistiske missil er planlagt innfasa frå 2033. Stortinget har bede regjeringa skaffe langtrekkande luftvern for å leggje til rette for vern mot ballistiske missil i to geografiske område, som inkluderer å leggje til rette for vern av det sentrale austlandsområdet, inkludert hovudstaden.

Luftvernet er flyttbart og kan plasserast ut på bakgrunn av den til ei kvar tid gjeldande trusselsituasjon. Samstundes er det utfordrande å skulle kunne verne heile landet kontinuerleg. Difor må luftvernkapasiteten kontinuerleg prioriterast på bakgrunn av operative behov og heilskaplege militærfaglege tilrådingar. Dagens luftvern knytt til Hæren er i utgangspunktet plassert ut saman med manøveravdelingane til Hæren, då luftvernet er meint å verne desse. Vidare er dagens NASAMS luftvern og droneforsvarssystem i utgangspunktet plasserte på Ørland og Evenes, som er basane som permanent har kampfly.

Den samla luftvernkapasiteten, og korleis styrka evne til vern kan oppnåast, blir vurdert fortløpande som del av den kontinuerlege langtidsplanlegginga og strukturutviklinga i forsvarssektoren.