Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2700 (2025-2026)
Innlevert: 11.05.2026
Sendt: 11.05.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP): Noreg har visst om eldrebølga i fleire tiår, men fødselstala er framleis låge og helse- og omsorgstenestene manglar allereie folk mange stader. I Vestfold er utviklinga særleg tydeleg, med fleire eldre og færre barn og unge framover. Samtidig opplever mange unge dyrtid, høge bustadprisar, skattar og avgifter, og Sykehuset i Vestfold peikar sjølv på utfordringar knytt til jordmorbemanning og kvinner si oppleving av barselopphaldet.
Kva er regjeringa sin konkrete plan for å gjera det lettare for unge å stifta familie og få barn?
Noreg har i fleire tiår visst at landet står framfor ei stor eldrebølge, samtidig som fødselstala over tid har vore låge. I Vestfold er utviklinga særleg tydeleg, med fleire eldre og færre barn og unge framover. Mange unge opplever samtidig dyrtid, høge bustadprisar, renter, skattar og avgifter som gjer det vanskelegare å skapa tryggleik for familien. Sykehuset i Vestfold peikar også sjølv på utfordringar knytt til jordmorbemanning og kvinner si oppleving av barselopphaldet. Representanten ønskjer derfor å få vite kva konkret regjeringa vil gjera for å leggja betre til rette for unge familiar.
Svaret er ennå ikke tilgjengelig