Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2927 (2025-2026)

Innlevert: 31.05.2026
Sendt: 01.06.2026
Besvart: 12.06.2026 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Kor mange pasientar ved Sykehuset i Vestfold har i kvart av dei siste fem åra blitt registrerte som utskrivingsklare, men blitt verande på sjukehus fordi kommunen ikkje kunne ta imot dei, kor mange overliggjardøgn utgjer dette per år, og kva har vore dei vanlegaste årsakene til at pasientane ikkje har kunna overførast til kommunen?

Begrunnelse

Riksrevisjonen la i mai 2026 fram ein rapport som konkluderer med at samhandlinga mellom sjukehus og kommunar om eldre pasientar ikkje fungerer godt nok. Rapporten peikar på at mange pasientar som kunne fått hjelp i kommunane, i staden blir behandla på sjukehus, og at utskrivingsklare pasientar blir liggjande unødvendig lenge fordi kommunane ikkje har kapasitet til å ta imot dei. Riksrevisjonen åtvarar om at sjukehusa kan bli overbelasta dersom utviklinga held fram.

Vestfold er blant fylka som vil få ein kraftig vekst i talet på eldre dei komande åra. Samtidig opplever mange kommunar eit aukande press på helse- og omsorgstenestene. For å få betre innsikt i korleis samhandlinga fungerer i praksis ved Sykehuset i Vestfold, er det viktig å få oversikt over omfanget av utskrivingsklare pasientar som blir verande på sjukehus, korleis utviklinga har vore over tid, og kva som er dei viktigaste årsakene til at overføringa til kommunane blir forseinka.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: