Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3010 (2025-2026)
Innlevert: 07.06.2026
Sendt: 08.06.2026
Besvart: 15.06.2026 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Silje Hjemdal (FrP): Meiner statsråden at dette er i tråd med målsetjinga om å styrkje frivilligheita, kva konkrete grep vil regjeringa ta for å gjere ordninga meir tilgjengeleg for små lag og foreiningar, og vil statsråden ta initiativ til å forenkle spelemiddelordninga og gjere henne betre tilpassa små frivillige lag og foreiningar – særleg når det gjeld krav til leigeavtalar, dokumentasjon og behandlingstid?
Eg viser til erfaringane frå Kvam Motocrossklubb, som etter ein langvarig prosess har valt å trekkje søknaden om spelemidlar.
Klubben peikar på at krav om tinglyst leigeavtale på 30 år, omfattande dokumentasjon og lange behandlingstider i praksis gjer ordninga lite tilgjengeleg for små, frivillig drivne lag som er avhengige av privat grunn.
Dei opplever at ordninga fører til auka kostnader og byråkrati, heller enn å leggje til rette for aktivitet for barn og unge.

Lubna Boby Jaffery: Som representanten truleg er kjend med, er det fylkeskommunane som har myndigheit til å saksbehandle søknader om tilskot til idrettsanlegg frå spelemidlane og fatte vedtak om tilskot. Kva vurderingar som ligg til grunn frå fylkeskommunen si side i ei enkeltsak, kan eg difor ikkje uttale meg om.
Eg deler målsetjinga om å styrkje frivilligheita, og spelemiddelordninga er nettopp eitt av dei viktigaste verkemidla vi har for å leggje til rette for aktivitet i lag og foreiningar over heile landet. Kvart år medverkar ordninga til at eit stort tal små og store frivillige lag får realisert anlegg for barn og unge som skaper aktivitet. Søknadstala viser at svært mange mindre lag nyttar seg av ordninga med gode resultat.
Samtidig er det viktig å understreke at spelemiddelordninga forvaltar betydelege fellesskapsmidlar. Dei krava som blir stilte til dokumentasjon, må sjåast i lys av dette. Krav til tryggleik for investeringane, openheit og likebehandling er grunnleggjande for ei ordning som skal kome heile idrettsrørsla til gode. Dokumentasjonskrava er difor utforma slik at dei skal vere forholdsmessige sett opp mot dei store midlane som blir fordelte.
Kravet til rett til bruk av grunn har eit særleg viktig føremål: Det skal sikre at idretten og frivilligheita har føreseielege rammer og tryggleik for å kunne nytte anlegget over tid. Utan slike krav vil ein stå i fare for at lag og foreiningar etter kort tid mistar tilgangen til anlegget, eller må leggje ned verksemda fordi grunneigaren vel å omdisponere arealet. Dette er avgjerande for å sikre at investeringane i anlegg faktisk kjem barn og unge til gode i eit langsiktig perspektiv. Når det er sagt, er det likevel rom for fleksibilitet. Fylkeskommunen har høve til å gi dispensasjon frå krava til rett til bruk av grunn der lokale forhold tilseier det. Dette inneber at det finst moglegheiter for tilpassingar i særskilde tilfelle.
Regjeringa er oppteken av å gjere ordninga så tilgjengeleg og føreseieleg som mogleg. Nettopp difor er det i ny forskrift for spelemiddelordninga, som trer i kraft 15. juni, flytta meir av myndigheita til fylkesnivået. Dette skal bidra til kortare avstand mellom søkjar og forvaltar, betre tilpassingar til lokale behov og meir effektive saksbehandlingsprosessar.
I tillegg er det sett i gang arbeid med ei ny idrettsmelding, der erfaringane frå frivilligheita, inkludert små lag og foreiningar, vil stå sentralt. Dette arbeidet vil gi eit viktig grunnlag for vidare utvikling av verkemidla, inkludert korleis spelemiddelordninga kan forbetrast og gjerast endå meir treffsikker.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å forenkle regelverk og praksis der det er mogleg, slik at spelemiddelordninga i størst mogleg grad legg til rette for aktivitet, utan å gå på akkord med krava til forsvarleg forvaltning av offentlege midlar.