Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:3091 (2025-2026)

Innlevert: 12.06.2026
Sendt: 12.06.2026
Besvart: 17.06.2026 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva vil regjeringa gjera for å aktivt bidra til å hindre at Israel øydelegg verdsarv, både materiell og immateriell, i Libanon, Syria, Iran og Palestina?

Begrunnelse

I tillegg til å gå til målretta angrep på menneskeleg infrastruktur i Palestina og Libanon, ser vi at Israel no bombar den største byen i Sør-Libanon, Tyre. Tyre har status som verdsarv-by på UNESCO si liste, og FN har allereie ropt varsko om at minst 39 verdsarv-område i landet er under trussel frå Israel. Dette bør tolkast som ein del av Israels plan om å etablere eit større Israel kor eksisterande folkegrupper og deira kultur må vika for ein etnostat som er under etterforsking for folkemord.
ICOMOS (International Council on Monuments and Sites) Libanon har send ut ei hastemelding til ICOMOS International, UNESCO og andre relevante internasjonale organ. Her belyser dei den tvungne fordrivinga i Tyr-distriktet og dei pågåande angrepa på UNESCOs verdsarvstader og stader under forsterka vern. Dei åtvarar samtidig om ei systematisk øydelegging av Libanons kulturarv og understrekar at situasjonen krev rask og samordna internasjonal respons.
Noreg fekk i 2025 plass i UNESCOs styre fram til 2029. I regjeringa si pressemelding står det mellom anna at Norge vil

«…fremme en kunnskapsbasert tilnærming til UNESCOs kulturarbeid, med særlig vekt på bevaring av både materiell og immateriell natur- og kulturarv. I tillegg vil Norge prioritere likestilling og inkludering, samt støtte UNESCOs menneskerettighetsmandat – med særlig fokus på grunnleggende friheter som ytringsfrihet, kunstnerisk frihet og journalisters sikkerhet.»

Eit slik utsegn er forpliktande: verdsarv i Libanon, Syria, Iran og Palestina står i fare for å bli utsletta.
Fleire institusjonar og organisasjonar innanfor sektorane historie, museum og arkiv i Noreg har kome med støtteerklæringar for gruppene som no får sin kulturarv utsletta av Israel, og har uttrykt ønske om å bidra til bevaring. Det er altså stor vilje til å bidra i sivilsamfunnet. Staten bør koordinera, og om ikkje anna, legga til rette for ein slik innsats i samarbeid med relevante organisasjonar.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Norsk innsats for å beskytte verdsarv i konfliktområde skjer fyrst og fremst gjennom støtte til internasjonale organisasjonar og internasjonale rammeverk. Noreg bidreg i arbeidet for å beskytte verdsarv i Midtausten gjennom politisk og økonomisk støtte til UNESCO. Organisasjonen arbeider mellom anna for å dokumentere, overvake og beskytte skada kulturarv. I UNESCOs styre har Noreg spelt ei særleg aktiv rolle i saker som omhandlar Palestina, og støtta opprettinga av eigne beskyttelsesprogram for Gaza, samt Libanon og Syria.
Noreg bidreg også til global kapasitetsbygging for å ivareta verdsarven og er ein av dei største givarane av friviljuge økonomiske bidrag til UNESCO, inkludert støtte til Heritage Emergency Fund (HEF). Med dette fondet kan UNESCO gå inn med sikringstiltak i ulike krisesituasjonar. Mellom anna har HEF-støtta sett palestinske myndigheiter i stand til å oppdatere nasjonalt register over kulturarv. Noreg støtter også UNESCO Aschberg Programme for Artists and Cultural Professionals, som mellom anna gir krisestøtte til kulturelle og kreative næringar i Tyr og Baalbek i Libanon. I Palestina har Noreg sidan 2011 støtta UNESCOs arbeid for å bevare islamske manuskript ved Haram Al-Sharif/Tempelhøgda. I tillegg har Noreg gitt direkte støtte til etableringa av Riwaya-museet i Betlehem, som har mål om å bevare og framme palestinsk kulturell identitet og interkulturell dialog.
Angrepa på kulturarv i ulike delar av Palestina er ikkje berre ei øydelegging av vår felles verdsarv, men utgjer også ein alvorleg trussel mot palestinsk identitet og palestinaranes kulturelle tilknytning til sitt eige territorium. Noreg støtter aktivt opp om sjølvstende for den palestinske staten, og samarbeidet med UNESCO står difor sentralt i dette. På samme vis vil det vera viktig at ei gjenoppbygging av Gaza tek hensyn til historie, kulturarv og lokal identitet.
Gjennom fredsdiplomati fremmar Noreg løysingar som reduserer konflikt og dermed også bidreg til å beskytte verdsarv på lang sikt. Sjølv om humanitærretten forpliktar partane i ein væpna konflikt til å beskytte kulturminne og unngå å rette angrep mot desse, fører væpna konflikt for ofte til øydelegging av mellom anna historiske bygg, arkeologiske område, religiøse stader og immateriell verdsarv som har stor betyding for menneskeheitas historie. I fredstid er det enklare å beskytte, vedlikehalde og restaurere desse kulturminna. Fred gjer også at forskarar, lokalbefolkning og internasjonale organisasjoner kan samarbeide om bevaring av verdsarven. Såleis bevarast viktige spor frå fortida for framtidige generasjonar.
Kulturelle rettar, medrekna mellom anna kunstnarleg ytringsfridom og tilgang til kulturarv og verdsarv, er også menneskerettar. Me ser diverre eit aukande globalt mønster av åtak på symbol for kulturell identitet og samfunnets motstandskraft. Bevisst øydelegging av kulturminne er eit brot på internasjonal humanitærrett. Noreg tek stadig opp folkerettslege forpliktingar med partane, også Israel, og understrekar betydinga av å etterleva humanitærrettens bestemmingar. Noreg vil halde fram med dette.