Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:3209 (2025-2026)

Innlevert: 19.06.2026
Sendt: 22.06.2026
Besvart: 29.06.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis har regjeringa tenkt å hindra at rakettoppskyting og militær øvingsaktivitet rammar fiskerinæringa og lokalsamfunnet på Andøya uforholdsmessig hardt, og sikra reell sameksistens mellom ulike næringar?

Begrunnelse

Konfliktnivået på Andøya grunna militær øvingsaktivitet og rakettoppskyting i regi av Andøya Space er aukande. Lovnader om dialog og samarbeid er tydelegvis lite verdt, då det einsidig er fiskarane og lokalsamfunnet som må tilpassa seg, og ikkje motsett.
Trass i rike ressursar i havet og stor verdiskaping er fiskerinæringa under hardt press. Stadige ferdselsforbod på havet midt i dei beste fiskeperiodane tar inntektsgrunnlaget frå fiskarane.
På land er det også innført ferdselsforbod som rammar fastbuande, hyttefolk og turistar. Fagre løfte om sameksistens blir ikkje følgt opp gjennom praktisk handling, og belastninga på fiskarane og lokalsamfunnet blir bagatellisert.
Andøya har blitt herja med av staten og storsamfunnet før. Igjen er det statlege verksemder og selskap som tar seg til rette på kostnad av lokalsamfunnet, i staden for at desse verksemdene må tilpassa seg samfunnet dei kjem til. Dette er oppskrifta på unødvendig konflikt, og det er på høg tid at regjeringa tar ansvar for at reell sameksistens blir mogleg.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Regjeringa ønsker sameksistens mellom næringane på Andøya. Fiskerinæringa er svært viktig for Andøya og Noreg, det er òg romverksemda og verksemda til Forsvaret. Både Andøya Space og sjømatnæringa har legitime interesser i bruken av havområda rundt Andøya, og Stortinget har bestemt at vi skal ha begge delar.
Det er viktig at alle partar forstår kvarandre sine behov og utfordringar. Både eg og fiskeri- og havministeren er kobla på arbeidet med å få til sameksistens, og har hatt fleire møte med fiskarane og Andøya Space i vår. Sist 18. juni i år inviterte fiskeri- og havministeren til Forum for sameksistens til havs, der sameksistens utanfor Andøya blei drøfta.
Korleis romoppskytingar og missiltesting, samt marineøvingar frå Andøya skal regulerast framover, vil bli utgreidd som ein del av ei konseptvalutgreiing Forsvarsdepartementet skal starte seinare i år. Ulike alternativ vil då bli vurderte, men det er for tidleg å seie kva som kan vere moglege løysingar.
Eg er oppteken av at vi i den vidare utviklinga av oppskytingskapasiteten skal leggje til rette for god sameksistens mellom alle brukarar av hav- og kystområda, og eg vil arbeide saman med næringane for å finne løysingar som i størst mogleg grad ivaretek interessene til alle. Erfaringa frå sameksistensarbeidet med petroleum er at det er best om brukarane av havet sjølve kjem til semje.
Det blei tidleg i 2024 inngått ei avtale om sameksistens mellom Andøya Space og fiskeriorganisasjonane med varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging. Avtalen blei forlenga med eitt år i 2025. Andøya Space og fiskeriorganisasjonane har starta dialogen om ei fornya sameksistensavtale. Dette er positivt. Det er viktig at partane evner å finne ei akseptabel løysning som kan leggje til rette for vidare utvikling av begge næringar.