Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3215 (2025-2026)

Innlevert: 20.06.2026
Sendt: 22.06.2026
Besvart: 29.06.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis Boreal kan la være å ta betaling og registrere utanlandske reisande på Riksveg ferjesambandet Molde - Vestnes, og samtidig forklare korleis ein med kun ein matros på dekk, på eit av landets største ferjesamband, kan være sikkerheitsmessig forsvarleg?

Begrunnelse

Eg har i dag blitt orientert om at Boreal sin ledelse har gjeve beskjed om at det ikkje skal registreres utenlandske køyretøy på ferjesambandet Molde- Vestnes.

Dette skjer altså rett før sjølve sommartrafikken tar heilt av, i eit av landets største ferjesamband på riksveg.

Dette betyr at utanlandske reisande med ferja tydeligvis skal reise gratis, medan våre innbyggere og næringslivet skal måtet betale.

Ifølge leiinga i Boreal, blir det vist til at,

" dette er ein heilheitsleg vurderinga av både administrative prosesser og framtidige driftsrammer".

Samtidig melder ledelsen i Boreal at dette medfører at det kun skal være ein matros på dekk pr skift i sambandet Molde -Vestnes, samt at det tilhørande økonomiske rammene og behovet for å tilpasse drifta til ein meir kostnadseffektivt nivå.

Det vert vist til at dette er endringar som,

"er ein del av eit større arbeid for å sikre ein bærekraftig og robust drift over tid"

Det vert vidare vist til at det høgaste fokuset skal være på sikkerheit og bkvalitet i tjenestene.

Korleis dette er tenkt, framstår som ei gåte, når det på eit av Norges største ferjesamband skal opererast med kun ein matros på dekk, så er dette etter mitt og andres begrep aldeles vanvittig uansvarleg.

At eit riksvegsamband også skal gje blaffen i å ta inn inntekter frå utanlandske reisande på sambandet, står ivertfall i grell kontrast til eit selskap som ønsker å drifte både ansvarleg og sikkert, samt skaffe inntektene som kjem frå dei reisande , også frå utanlandske turistar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ansvar for riksvegferjene og tildeler løyve til drift av desse. I 2019 inngjekk Statens vegvesen og Boreal kontrakt om drift av riksvegsambandet Molde–Vestnes. Kontrakten har ein driftsperiode på åtte år, rekna frå 1. januar 2021. Ifølgje kontrakt skal det krevjast betaling for alle køyretøy, uavhengig av om køyretøyet er registrert i Noreg eller utlandet.

Statens vegvesen har vore i kontakt med Boreal, som avviser påstandane om at utanlandske køyretøy ikkje blir registrerte. Dei stadfestar vidare at dei etterlever kontraktskrava til billettering av køyretøy.

Alle køyretøy som nyttar riksvegferjene, også utanlandske køyretøy, blir registrerte anten ved bruk av AutoPASS-brikke, skiltgjenkjenning eller manuell registrering. Dette for å kunne krevje inn billettinntektene og for å føre statistikk, i tråd med gjeldande kontrakt. Opning for at reisande kan betale i etterkant av reisa gir likevel risiko for at det ikkje blir betalt for reisa.

Med heimel i forskrift om bemanning av norske skip (bemanningsforskriften) skal norske passasjerskip ha ei tryggingsbemanning fastsett av Sjøfartsdirektoratet. Denne skal bestå av stillingsnemningar og kvalifikasjonskrav m.m. som er nødvendig for å ivareta både skipet og dei om bord si tryggleik, men også å hindre forureining av det marine miljøet. Den tryggingsbemanninga som blir foreslått av reiarlaget skal dekkje alle aktuelle operasjonar, oppgåver og funksjonar for ei sikker drift av skipet.

Boreal har opplyst at dei er i dialog med dei tilsette på sambandet for å identifisere eventuelle behov for justeringar i drifta. Eventuelle endringar vil bli vurderte nøye, og selskapet har understreka at omsynet til tryggleik og kvalitet i tenestene skal liggje til grunn. Det er vidare opplyst at endringar i bemanning uansett ikkje er planlagde før etter sommarsesongen 2026.

Eg legg til grunn at operatøren følgjer kontraktskrava og gjeldande regelverk, og forventar at både inntektsinnkrevjing og trygg drift blir ivaretekne på ein forsvarleg måte.