Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3251 (2025-2026)
Innlevert: 24.06.2026
Sendt: 24.06.2026
Besvart: 30.06.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Harry Valderhaug (KrF): Nærings- og Fiskeridepartementet har snart brukt to år på å vurdere ei sak om Aker Biomarine sitt sal av aksjar der det blir stilt spørsmål om eit utanlandsk selskap er gitt kontroll over norske krillkonsesjonar og fartøy.
Kva er årsaken til at dette har tatt lang tid og når kan det ventast svar?
Fiskeridirektoratet godkjende i juli 2024 eit sal av aksjar frå Aker Biomarine til Aker Qrill. Denne saka har vore ein del omtalt og stilt spørsmål ved , både til departement og i medieomtale.
Nokre hevdar at avtalene som er gjort i samband med det omtalte salet, har gitt utanlandsk selskap reell kontroll over eit norsk selskap som eig båtar og opererer med norske konsesjonar for fangst av krill.
Sidan det blir stilt spørsmål om avtalene som er gjort i samband med salet mellom anna kan vere i brot med Deltakarlova , bør dette avklarast snarast råd.

Marianne Sivertsen Næss: Den aktuelle saka som departementet for tida har til vurdering, gjeld eigarendringar i selskapet Aker Biomarine Antarctic AS, seinare Aker Qrill Company AS. Eigarendringane vart godkjende av Fiskeridirektoratet i vedtak 3. juli 2024. Dette vedtaket er endeleg, og eigarendringane er gjennomførte i tråd med vedtaket.
Departementet valde deretter på eige initiativ hausten 2024 å sjå nærare på Fiskeridirektoratet sitt godkjenningsvedtak, sjølv om vedtaket allereie den gongen var endeleg. Ein del av bakgrunnen for departementet si avgjerd var den relativt store merksemda som saka etter kvart fekk.
Departementet si saksbehandling har teke tid, og ho har på ordinært vis skjedd i dialog med parten i saka, Aker Biomarine Antarctic AS. Så lenge saka er i prosess, kan eg ikkje kommentere innhaldet i saka.