Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3257 (2025-2026)
Innlevert: 24.06.2026
Sendt: 25.06.2026
Besvart: 02.07.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Ingrid Fiskaa (SV): Riksrevisjonen kritiserte i 2020 mangelfulle konsekvensutgreiingar av endringar i kvotesystemet, særleg knytt til effektar for kystsamfunn, geografisk fordeling og eigarkonsentrasjon. I Fiskeridirektoratet si høyring om fordeling av kvotar når strukturkvotane går ut har fleire organisasjonar peikt på at konsekvensane av dei ulike alternativa framleis ikkje er tilstrekkeleg kasta lys på.
Vil regjeringa gjennomføra ei heilskapleg evaluering av strukturpolitikken før det eventuelt blir opna for ytterlegare strukturering?
Eg viser til Fiskeridirektoratet si høyring om fiskeriløyve, kvotetak og fordeling av strukturgevinst. Saka handlar om fordeling av kvotar og tilgang til havressursar. Eit av dei viktigaste temaa i høyringa er korleis strukturgevinstar skal handterast når strukturkvotar går ut.
Havressurslova slår fast at dei viltlevande marine ressursane tilhøyrer fellesskapet. Dette må vera utgangspunktet for heile saka. Strukturordninga blei akseptert fordi ho var mellombels. Strukturkvotar skulle gi auka lønnsemd og bidra til modernisering av flåten, men verdiane skulle tilbakeførast til fellesskapet når kvotane gjekk ut.
Strukturgevinstane bør derfor ikkje brukast til å oppretthalda eksisterande konsentrasjon av kvotar og kapital. Dei må fordelast breiare og koma fleire aktive fiskarar og kystsamfunn til gode.
SV er bekymra for ei utvikling der kvotar i stadig større grad blir behandla som finansielle eigedelar, og der omsynet til kvoteverdiar og sikkerheit for bankane får større tyding enn omsynet til fellesskapet. Fiskeriløyve må vera knytt til aktive fiskarar og aktiv drift. Tilbakeføringa av strukturgevinst må derfor brukast til å redusera eigarkonsentrasjon og styrka rekruttering.
Riksrevisjonen har tidlegare kritisert mangelfulle vurderingar av korleis endringar i kvotesystemet påverkar kystsamfunn, geografisk fordeling og eigarkonsentrasjon. Heller ikkje i høyringsnotatet er konsekvensane av dei ulike alternativ for geografisk fordeling, eigarkonsentrasjon, rekruttering og aktivitet i kystsamfunn kasta tilstrekkeleg lys på. Dette bør utgreiast nærmare før endeleg forskrift blir fastsett.
Tilbakeføringa av strukturgevinst markerer eit naturleg tidspunkt for å evaluera dei samla konsekvensane av strukturpolitikken. Før det eventuelt blir opna for ytterlegare strukturering eller auka fleksibilitet i kvotesystemet, bør det gjennomførast ei heilskapleg evaluering av konsekvensane for rekruttering, kystsamfunn, eigarkonsentrasjon, gjeldsbelasting og beredskap.
I tillegg bør det vurderast korleis fordelinga av ressursane kan tilgodesjå fiskeri med låg negativ påverking på naturmangfald og karbonlager, og med lågt energiforbruk og låge klimagassutslepp.

Marianne Sivertsen Næss: Stortinget har behandla Meld. St. 7 (2023–2024) Folk, fisk og fellesskap, der sentrale spørsmål knytte til strukturpolitikken og fordelinga av strukturgevinstar vart grundig vurderte. I behandlinga fatta Stortinget vedtak om korleis strukturgevinsten skal fordelast når tidsavgrensa på strukturkvotar går ut.
Det heiter i vedtak 592 (2023–2024): «Stortinget ber regjeringen fordele strukturgevinsten som oppstår når tidsbegrensede strukturkvoter utløper med full effekt på grunnkvoter og halv effekt til gjenværende strukturkvoter (modell X), etter opprinnelig hjemmelslengde.»
Dette vedtaket gir klare føringar for korleis strukturgevinsten skal fordelast når tidsavgrensinga går ut, både når det gjeld fordelingsprofil og prinsippet om fordeling til den gruppa kvotegrunnlaget kom frå.
I meldinga til Stortinget vart det vist til at gjennomføringa av fordeling av strukturgevinsten vil reise problemstillingar som best kan løysast etter at Stortinget hadde teke stilling til dei overordna prinsippa for fordeling, blant anna problemstillingar knytt til forholdet mellom tildelt strukturgevinst, eksisterande kvotetak og eigarkonsentrasjonsreglar. Det gjeld også om korleis strukturgevinstspørsmålet skal behandlast i fartøygrupper kor strukturering har skjedd på tvers av grupper. Høyringsnotatet frå Fiskeridirektoratet om fordeling av kvotefaktorar ved utløp av strukturkvotar, som representanten viser til, er ei direkte oppfølging av dette vedtaket. Føremålet med høyringa er å hente inn synspunkt på korleis vedtaket best kan gjennomførast innanfor rammene Stortinget har fastsett.
Eg merkar meg at det frå enkelte hald vert etterlyst ytterlegare analysar av konsekvensar, mellom anna for kystsamfunn, geografisk fordeling, eigarkonsentrasjon og kvotetak. I kvotemeldinga er det peika på forventa effektar av ulike modellar for fordeling av strukturgevinst. Det vil likevel vere ein god del spørsmål som må avklarast no i samband med at det skal fastsetjast eit regelverk for implementeringa. Løysingane ein fell ned på vil kunne slå noko ulikt ut for enkelte grupper og for det enkelte fartøy, og det vil vere ulike syn på korleis dette bør gjerast. Fiskeridirektoratet har gjennomført ei høyring og peika på nokre alternative løysingar. Direktoratet vil no vurdere innspela som er komne i høyringa og deretter sende si tilråding til departementet som skal ta endeleg stilling til saka.
I samband med behandlinga av kvotemelding skreiv eit fleirtal i næringskomiteen i si innstilling at «det fortsatt vil være behov for strukturordninger som kan bidra til å opprettholde lønnsomhet i flåten, men det bør gjøres en vurdering av hvilke behov flåtegrupper har for ytterligere strukturering og om strukturtakten bør begrenses, herunder om dagens kvotetak bør reduseres.» Stortinget vedtok følgjande, jf. vedtak 591 (2023–2024): «Stortinget ber regjeringen vurdere om innretningen av dagens strukturkvoteordning bør endres eller tilpasses for å legge til rette for verdiskaping og grønn omstilling, og for å sikre at den ivaretar hensynet til fiskeflåtens betydning for sysselsetting og bosetning i kystkommunene.»
Eg registrerar også at fleire hevdar at flåten no er godt tilpassa ressursgrunnlaget og at behovet for ytterlegare strukturering er redusert. Eg ser difor fram til å følgje opp Stortinget sitt vedtak om korleis strukturordningane bør innrettast i framtida, og vi er no i startfasen på dette arbeidet, men kjem ikkje skikkeleg i gang med arbeidet før regelverket for fordeling av strukturgevinst er fastsett.